I Vestfold og Telemark har Statsforvaltar, fylkeskommune, fleire kommunar (mellom anna Fyresdal) og grunneigarorganisasjonar gått saman om å bygge opp fritidsfiske som verdiskapar i regionen. Gjennom prosjektet «Økt verdiskaping gjennom markedsrettet fritidsfiske», utført i perioden 2020-2022, har grunneigarar og tilbydarar av fiske, hytteutleige og andre tilknytta tenester, fått moglegheit til å få hjelp til å få sine produkt til sals på nett, i store, etablerte sals- og marknadskanalar.
Faun Naturforvaltning har hatt prosjektleiinga i samarbeid med Inatur/Fishspot. Resultatet har vore ei god vekst i omsetning for både fiske og tilknytta produkt som t.d. hytteutleige. Vestfold og Telemark har i større grad enn resten av landet klara å halde på den auka omsetninga knytt til fiske, i etterkant av pandemien. Om du ynskjer å lese meir om prosjektet, gjennomføring og resultat, klikk på linken under.
Det er ikkje for seint å take del i veksten i denne marknaden! Om du ynskjer råd og rettleiing om korleis få dine produkt til sals på Inatur eller Fishspot, tak kontakt med Gudmund Nygaard, rådgjevar jakt og fiske i Inatur, på gudmund@inatur.no. Han hjelper deg vidare!