AvtaleGiro
Det er mange fordelar med AvtaleGiro
- Rekningane dine blir betalte automatisk på forfall i nettbanken
- Du får varsel i forkant av det automatiske trekket
- Du kan sjølv inn i nettbanken og stoppe eller endre ei betaling
Slik kjem du i gang
Når du betaler ei rekning til ein bedrift som tilbyr AvtaleGiro, vil du i dei fleste nettbankar bli spurt om du ynskjer å opprette ein AvtaleGiro-avtale. Når du aksepterer eit slikt tilbod blir avtalen oppretta. Du får beskjed når avtalen trer i kraft og må betale rekningar tilsendt i posten som normalt inntil avtalen er aktivert.
Fleire av bedriftene som tilbyr AvtaleGiro har tilrettelagt for at du som kunde skal kunne opprette AvtaleGiro via deira nettsider. Gå på nettsida til bedriften, finn AvtaleGiro og opprett avtale med BankID.
Les meir om AvtaleGiro på avtalegiro.no
Der finn du også svar på dei mest spurte spørsmåla kring AvtaleGiro, som t.d. stopping av betaling, bytting av bank og beløpsgrense.
eFaktura
Det er mange fordelar med eFaktura
- Du får rekningane dine rett i nettbanken din, ferdig utfylt
- Du kan endre både forfallsdato, beløp og belastningskonto
- Du treng ikkje å taste lange KID-nummer eller annan betalingsinformasjon
Slik kjem du i gang
Når du betalar ei rekning manuelt i nettbanken, vil du få melding om at du kan opprette eFaktura dersom mottakaren har dette. Sjå eventuelt på papirfakturaen for eFakturareferanse.
I nettbanken kan du som kunde gje "eit generelt ja" til at alle bedrifter som tilbyr eFaktura skal sende deg rekningar på den måten. Finn eFaktura-tenesten i nettbanken din og huk av for "Ja takk til alle".
Les meir om eFaktura på efaktura.no
Der finn du også svar på dei mest spurte spørsmåla kring eFaktura som bytting av bank og endring av beløp og forfallsdato.