Kva er ei barnehagemynde?

Barnehagelova ligg til grunn for barnehagemyndas utøving av myndigheit. Kommunen er lokal barnehagemynde og skal sjå til at barnehagen drivast i samsvar med regelverket. Barnehagemynda har tre verkemiddel til disposisjon: Rettleiing, tilsyn og godkjenning. Barnehagelova gjeld for alle barnehageeigarar, både kommunale og private.

Barnehagemynda sine oppgåver

Barnehagemynda har som oppgåve å fatte vedtak om godkjenning av barnehagar, behandle søknadar om dispensasjon, finansiere private barnehagar, samt andre myndigheitsoppgåver som følgjer av barnehagelova med forskrifter.

Barnehagemynda kan gje pålegg om å rette opp ulovlege eller uforsvarlege forhold ved godkjente eller godkjenningspliktige verksemder. Føresegna om pålegg om å rette opp uforsvarlege forhold skal fungere som ein sikkerheit for barns trivsel, leik, læring og utvikling i barnehagen.

Å sjå til at regelverket blir følgt inneber både ein aktivitet for å vurdere risiko for bot på barnehagelova med forskrifter, og ei plikt til å bruke verkemiddel slik at barnehageeigars praksis er i samsvar med regelverket.

Barnehagemynda si rolle

For å ivareta at regelverket blir følgt i barnehagane i Fyresdal kommune og sikre legitimitet av arbeidet, er kommunens eigarrolle avskilt frå barnehagemynderolla.

Rettleiing og tilsyn av barnehagar

Som lokal barnehagemynde har kommunen mellom anna ansvar for godkjenning, tilsyn og rettleiing av barnehagar for å sjå til at barnehagane følgjer regelverket.

Formålet med rettleiing og tilsyn er å sikre at barna i Fyresdal barnehage har eit godt og forsvarleg barnehagetilbod gjennom å sjå til at barnehagane blir drive i samsvar med gjeldande lovar og forskrifter, jf. Barnehagelova §§ 10 og 53. Det er også ynskjeleg at rettleiinga og tilsynet skal vere til hjelp for barnehagens arbeid med å kvalitetssikre og utvikle eigen verksemd.

Når barnehagemynda gjev rettleiing, skal det bidra til å gje barnehagane oversikt over kva barnehagelova med forskrifter krev og kva ein må gjere for å få drifta i samsvar med dette.

Tilsyn er kontroll av om barnehagane oppfyller eigarplikta i barnehagelova med forskrifter. Tilsyn er utøving av offentleg mynde, og inneber å undersøke praksis og pålegge endring av lovstridig praksis. Målet for tilsynet er at barnehagen etablerer ein praksis i samsvar med lovverket.

Barnehagelova

Barnehagemynda sitt ansvar begrensar seg til å føre tilsyn og rettleiing etter Lov om barnehagar med forskrifter. Dersom det oppdagast brot på andre lover og forskrifter skal detta meldast til gjeldande instans.

Barnehagen skil mellom barnehageeigars ansvar og oppgåver, og kommunens ansvar og oppgåver som barnehagemynde. Eigar har sjølvstendig ansvar for at barnehagelova med forskrifter blir følgt, mens det er kommunen som barnehagemynde som har ansvaret for å sjå til at barnehagen drivast i samsvar med regelverket.

Tilsyn med barnehagar skal sikre at fylgjande er ivaretatt:

  • At barnet sitt behov for omsorg og allsidig utvikling blir ivaretatt, jf. Barnehagelova §§ 1, 2, 2a, 2b, 41, 42 og 43
  • At barnet og foreldra har medverknad på innhaldet i barnehagen, jf. Barnehagelova §§ 3, 4 og 5
  • At barnehagen har ei administrativ drift som følgjer lovverket, jf. Barnehagelova §§ 6, 7, 7a, 7b, 8, 9, 44, 45 og 46
  • At barnet skal ha rett til opptak ved barnehagane, jf. Barnehagelova §§ 16 og 18
  • At barnehagen har ei bemanning som fyller krava i barnehagelova, jf. Barnehagelova §§ 24, 25, 26, 27, 28, 29 og 30
  • At barn med behov for ekstra hjelpemiddel har tilgang på dette, jf. Barnehagelova §§ 31, 32, 33, 34, 37, 38 og 39
  • At barnehagen blir drive i samsvar med gjeldande lovar og forskrifter, samt andre nasjonale og lokale føringar, jf. Barnehagelova § 53 fyrste ledd

Å sjå til at regelverket blir følgt, inneber både ein aktivitet for å vurdere risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og ei plikt til å bruke verkemidla slik at barnehageeigars praksis er i samsvar med regelverket.

Les meir om tilsyn på nettsida til Utdanningsdirektoratet

Melde bekymring eller klage på ein barnehage

Dersom du ynskjer å melde ei bekymring eller klage på ein barnehage, kan detta gjerast via næraste leiar, samarbeidsutvalet (SU) eller direkte til barnehagemynda. Klikk her for å melde bekymring eller sende klage via eDialog (sikker kanal).

Næraste leiar

For at det skal vere best mogleg samarbeid mellom heim og barnehage, bør alle tilbakemeldingar forsøkast å løysast i næraste ledd. Det vil seie at tilbakemeldingar blir gjevne fyrst til pedagogisk leiar på avdelinga. Dersom saka ikkje opplevast som løyst, kan foreldre/føresette ta kontakt med barnehagens styrar. Det er barnehagens leiar og eigar som er ansvarleg for tilbodet, og som skal samarbeide med alle foreldre og føresette.

Samarbeidsutvalet

Dersom det gjeld generelle forhold i barnehagen, kan du ta det opp med barnehagens samarbeidsutval. Alle barnehagar skal ha eit samarbeidsutval som består av representantar frå foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, og eventuelt barnehagens eigar.

Barnehagemynde

Kommunen har tilsynsansvar for at både private og kommunale barnehagar har rutine for handtering av bekymringsmelding/klage på barnehagen.

Rutine for handtering av bekymring/klage

Hensikt

  • Sikre at barnehagen i samarbeid og forståing med heimen ivaretar barnas behov for omsorg og leik og fremmer læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling
  • Sikre at alle barn er trygge i barnehagen
  • Sikre at foreldre og andre blir høyrde når dei har ei bekymring rundt ein barnehage

Referansar

  • Barnehagelova med forskrifter
  • Rettleiing om tilsyn i barnehagen

Ansvar og myndigheit

Kommunen som barnehagemynde skal sjå til at barnehagane drivast i tråd med regelverket.

Barnehagemynda følgjer opp alle bekymringsmeldingar/klagar som kjem. Korleis ei melding følgjast opp er avhengig av meldingas innhald/omfang og alvorlegheitsgrad.

Viss innhaldet i ei bekymringsmelding er av ein slik art som høyrer til andre lovverk i tillegg til barnehagelova, koplar barnehagemynda inn rett instans. Er det grunn til å tru at barnet blir mishandla eller utsett for andre formar for alvorleg omsorgssvikt, skal det meldast direkte til barnevernet, ikkje barnehagemynda.

Bekymringar som meldast inn til barnehagemynda på kommunen sine nettsider må vere relaterte til barnehagelova med forskrifter. Bekymringar omkring HMS-forhold og andre forhold meldast til annan/rett instans.

For at det skal vere best mogleg samarbeid mellom heim og barnehage, bør alle tilbakemeldingar forsøkast løyst i næraste ledd. Det vil seie at tilbakemeldingar fyrst blir gitt til pedagogisk leiar på avdelinga. Dersom saka ikkje opplevast som løyst, kan foreldre/føresette ta kontakt med barnehagestyrar.

Når det kjem til ei bekymring, vil det vere behov for samtale og rettleiing, både med foreldre/føresette og barnehage. Barnehagemynda sitt formål er alltid å best mogleg avdekke kva saka gjeld, og sørge for at barna raskast mogleg får eit godt og trygt barnehagetilbod. Om rettleiing ikkje fører fram, kan det vere aktuelt med eit tilsyn i barnehagen. I eit tilsyn kan barnehagemynda gje pålegg om retting av ulovlege eller uforsvarlege forhold.

I ytste konsekvens kan barnehagemynda vedta stenging av ein barnehage.

Døme på tema som kan meldast til barnehagemynda:

  • Barnehagens psykososiale miljø
  • Enkeltbarns rett til eit godt barnehagemiljø
  • Barnehagens bemanning
  • Politiattest i barnehagen
  • Areal (inne og ute)

Dette er berre døme, og andre forhold som kan meldast er oversiktleg etter Barnehagelova, med forskrifter.

Klagetilgang

Kommunens vedtak om retting av lovbrot eller stenging av barnehage er eit enkeltvedtak, og kan påklagast til statsforvaltar. Vedtaket skal derfor innehalde informasjon om klagerett, klagefrist og moglegheit til innsyn i sakens dokument.