Treng barnet ditt hjelp, eller vil du melde ifrå om andre som gjer det?
Alle kan ein eller annan gong hamne i ein situasjon der dei treng hjelp til seg sjølv og barna sine. Barnevernet er til for å hjelpe barn og for å sikre at dei vert tekne godt vare på.
Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barnevernstenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Omsynet til barnest beste er avgjerande.
Barnevernleiar og fagkoordinator
- Barnevernleiar er Gunn Annie Hellestad. Ho er å treffe på e-post gunn.annie.hellestad@vest-telemark.no.
- Fagkoordinator er Jorunn Solberg. Ho er å treffe på e-post jorunn.solberg@vest-telemark.no.
Måndag-fredag kl. 16.00-08.00, i helger og i høgtider kan barnevernvakta i Grenland kontaktast på tlf. 116 111.