Når blir dei kommunale vegane brøyta?

Kommunen har ansvar for dei kommunale vegane, medan fylkeskommunen har ansvar for fylkesvegane.

Instruksen seier fylgjande for brøyting av kommunale areal: Minimum snømengde før brøytinga tar til er 6 cm. Maksimum snømengde før brøytinga tar til er 10 cm. For fortau og gang- og sykkelvegar er tilsvarande krav 3 cm og 8 cm.

Vi har dessverre ikkje kapasitet til å brøyte alle vegar samtidig. Det betyr at det kan ha kome meir enn 10 cm der du bur før vi brøyter. Vi må prioritere hovudvegane før adkomstvegane.

Kommunen er delt inn i område, brøyteroder. Vegar som ligg på slutten av ei rode kan oppleve at det er meir enn 10 cm snø før vegen blir brøyta.

Hjelp brøytebilen fram

Som huseigar og bilist har du eit ansvar for å hjelpe til slik at det er framkommeleg på offentleg veg. 

  • Ikkje sett bilen slik at den er til hinder for brøytebilen
  • Ikkje legg snø på offentleg veg eller fortau
  • Fjern buskar og tre på eigedomen din dersom dei heng ut i køyrebanen eller over fortauet
  • Fjern snø frå brøyting som hamnar på din private avkøyrsel
  • Fjern snø slik at det mogleg for renovasjonsmannskapet å kome frem til søppeldunkane på eigedomen din
  • Ikkje sett søppeldunkane slik at dei hindrar brøytinga
  • Sørg for at det ikkje oppstår fare for takras eller fallande istapper på huset ditt
  • Brøyt din eigen avkøyrsel slik at det er god sikt for deg sjølv og andre som køyrer forbi

Hugs at brannbil, ambulanse og politibil må kome fram.

Snøholer kan vere farlege

Ver obs på at det er svært farleg at barn bygger snøholer i brøytekantane. Det er stor sannsynlegheit for at brøytebilsjåføren ikkje ser barn som leikar der. Vi oppfordrar alle til å snakke med barna om dette, og varsle både barn og foreldre dersom de ser at det skjer. 

La brøytestikkene stå

Vi minner om at brøytestikker ikkje er leiketøy. Det er best for alle dersom dei får stå i fred og gjere det dei skal. Ta gjerne ein prat med barna om dette også. 

Vi håpar på ein fin vinter for både store og små!