Adresse: Fyresdalvegen 2295, 3870 Fyresdal
Denne campingen ligg vakkert til rett ved Fyresvatn, og er berre eit steinkast unna sentrum og Hamaren Aktivitetspark.
Adresse: Fyresdalsvegen 541, 3870 Fyresdal
Fossumsanden Camping er ein rustikk naturcamping som ligg vakkert til ved Skredvatn i Fyresdal. Like i nærleiken finn du Via Ferrata Fyresdal som tar deg med til toppen av det flotte Skredfjell.
Adresse: Fyresdalsvegen 620, 3870 Fyresdal
Campingen ligg ved Skredvatn i Fyresdal, og er ein hyggeleg campingplass med 8 hytter, 8 bobilplassar, glamping og eige motell. Campingen er utstyrt med wifi, dusjar, toalett og felles utekjøkken. Båtar og kanoer er også inkludert i leiga.
Adresse: Glomfossvegen 50, 3870 Fyresdal
Campingen ligg i den sørlege enden av Fyresvatn i nydelege Kilegrend. Her er det gode fiskemoglegheiter og tilgang på mykje fiskeutstyr. Rett ved campingen startar turen Øynuten rundt, som er ein fin og lett fottur der ein får sjå Trollholene, to store grotter utforma under istida.