Fyresdal pleie- og omsorgssenter har dagaktivitetstilbod for:
- Heimebuande personar med demens. Måndagar og onsdagar kl. 10-14. Tilbodet er gratis. Søkar må ha ei diagnose eller vere under utredning.
- Heimebuande eldre med nedsett funksjonsnivå. Tysdagar og fredagar kl. 10-14. Transport med fleksiruta til og frå pleie- og omsorgssenteret. Eigenandel på kr 105,-.
Dagaktivitetstilbodet som tilbydast skal bidra til å vareta deltakaranes funksjonar i dagleglivet, fremje livskvalitet og førebygge/redusere isolasjon og einsemd. I tillegg vil dagaktivitetstilbodet kunne innebere avlasting og støtte til pårørande.
Aktivitets- og kulturarbeidaren vil legge opp program som inneheld sosiale, kognitive og fysisk stimulerande aktivitetar. Både generelle og individuelle aktivitetar tilpassa.
Søknad om dagaktivitetstilbod skal gå til tenestekontoret. Ta kontakt med Siv S. Seltveit.