Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) anbefalar at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i ei veke. Det inneber mellom anna å ha eit beredskapslager med mat og drikke for 7 dagar. Dette fordi kommunar og nødetatar må prioritere dei som ikkje klarar seg utan hjelp i ei krise. 

Mat, vatn og straum

  • Kva viss du ikkje får handla på ei veke? 
  • Kva skjer dersom det ikkje kjem vatn frå krana eller du ikkje får skylt ned i toalettet?
  • Korleis vil du og dine næraste klare dykk viss straumen blir borte ein lengre periode?

Eigenberedskap handlar om å vere førebudd

Styrk eigenberedskapen din! Sjekk ut sikkerhverdag.no for meir info om korleis du bidrar til Noregs beredskap. Der finn du også ei sjekkliste for eigenberedskapen din.