Fakta om geografi, næring og folketal
Fyresdal er ein av dei vestlegaste kommunane i Telemark og grensar til Tokke, Kviteseid og Nissedal i Telemark og til Åmli, Bygland og Valle i Agder. Fyresdal, som inntil 1879 vart kalla Moland, vart etablera som ein kommune 1. januar 1838.
Dei viktigaste næringsvegane er jordbruk, skogbruk, handel og turisme, samt kraftproduksjon.
Fyresdal er kjend for sine mange funn frå vikingtida, mellom anna gravhaugar og restar etter slag. Nord for sentrum, i Hegglandsgrend, låg i tidleg kristen tid ei pilegrimskyrkje.
Landskapet i Fyresdal strekkjer seg frå omlag 275 moh. til 1284 moh (Napuren). Her er eit varierande plante- og dyreliv, og mange små og store fiskevatn.
- Fylke: Vestfold og Telemark
- Status: Kommune
- Innbyggjarnamn: Fyresdøl/Førsdøl
- Areal:
- Totalt: 1280,14 km²
- Land: 1108,9 km²
- Vatn : 171,24 km²
- Kommunenummer: 3823
- Målform: Nynorsk
- Høgaste topp: Napuren, 1284 moh.
- Folketal ved inngangen av 2. kvartal 2024: 1260
Reglement for bruk av kommunevåpenet
Vedtatt i Kommunestyret 08.11.2018.
§ 1 Definisjon
Fyresdal kommune sitt våpen, fastsett i kongelig resolusjon den 24. april 1992 er:
Fyresdal kommune sitt våpen er:
På grøn botn to skråstilte sylvøksar, 1-1.
Fyresdal kommune sitt flagg er:
På grøn botn to skråstilte kvite øksar, 1-1.
Kommunen sitt flagg skal ha kvadratisk form.
Til dekorativ bruk kan våpenet formast som vimpel eller hengande banner. Identiteten og den heraldiske stilen på våpenet må vernast.
§ 2 Generelle føresegner for bruk av våpen
Eigedomsrett og bruksrett:
Våpen og flagg er kommunen sin eigedom.
Privat bruk av kommunevåpen og flagg som rein dekorasjon eller informasjon innandørs, og i media både i trykt og elektronisk form, er generelt tillate.
Ingen andre enn kommunen kan bruke våpen eller flagg som sin eigne merke eller for å kjenneteikne seg eller si verksemd.
Private kjenneteikn eller merke må ikkje bli stilt saman med kommunen sine våpen eller flagg.
Rådmannen kan gje dispensasjon for utandørs bruk og for kommersiell bruk. Kommersiell bruk må vere i samsvar med prinsippet om lik behandling i offentleg forvalting. Våpen og flagg må vere plassert slik at det er klart at kommunen sjølv ikkje står for kommersielle produkt.
Kommersielle kjenneteikn eller merke må ikkje bli stilt saman med kommunen sine våpen eller flagg.
§ 3 Bruk av våpenskjold
Våpenskjold skal brukast med grøn og sylv farge om ikkje særskilte føresegner er gjeven.
Våpenskjoldet kan brukast som eigemerke på bygningar, bilar og andre føremål. Våpenskjold i fargar kan brukast til jakkemerke m.m. etter løyve frå rådmannen.
§ 4 Bruk av kommuneflagg
Flagget kan heisast som offentleg kjenneteikn når kommunen utøver offentleg mynde, og det kan henge til dagleg på stenger ved kommunale bygningar.
Flagget kan ikkje heisast på private flaggstenger.
§ 5 Bruk av våpen i faner, vimplar og banner
Våpen kan utførast tverrskore eller i vimpelform i bordflagg, vimpel og fane, til bruk som dekorasjon ved kommunale tilstellingar. Utforminga skal godkjennast av rådmannen.
For produksjon og bruk av andre ikkje kommunale organ, som foreiningar, organisasjonar eller bedrifter, kan løyve gjevast av rådmannen etter søknad.
§ 6 Bruk av våpen i stempel og segl
Våpen kan brukast utan skjoldinnfatning med etaten eller institusjonen sitt namn skrive i ein ring langs kanten.
Segl kan framstillast som oblat-segl til bruk på dokument til lukking av konvoluttar m.m.
Utforming og størrelse på stempel/segl skal godkjennast av rådmannen.
§ 7 Utforming av våpenet
Våpenet kan utformast i ulike typar, teknikkar og materiale.
Kvar utforming av våpenet må fylgje dei tekniske og heraldiske kvalitetsnormene med rette fargar, former og proporsjonar.