Legevakt - 116 117
Alle kommunar i Noreg har ei legevaktordning for øyeblikkelig helsehjelp.
Når du ringer det sekssifra nummeret 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg. Det er gratis å ringe.
Fyresdal kommune har ifrå april 2023 lokalt legevaktskontor på Fyresdal pleie- og omsorgssenter, men innbyggarane i kommunen må framleis ringe det faste legevaktsnummeret (116 117). Legevakta i Arendal tek imot førespurnaden, gjer ei vurdering og triagerer. Dersom det er behov for konsultasjon med lege, blir legen i Fyresdal kontakta.
Dette kan legevakten gjere for deg:
Legevakt skal tilby hjelp til det som ikkje kan vente når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakten skal også hjelpe deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, til dømes dersom du er på ferie eller reise. Dersom du trur det er akutt og står om liv, ringer du medisinsk nødhjelp 113.
Døme på tilstandar der det kan vere fornuftig å ta kontakt med legevakten:
- Høg feber – særleg hos barn
- Moderate pustevanskar
- Akutt sjukdom eller alvorleg forverring
- Slapt og medtatt barn eller vaksen
- Alvorleg psykisk sjukdom
- Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
- Kuttskader som må syast
- Mistanke om brudd
Fastlege (der du bur)
Pasientar som har behov for konsultasjon med fastlegen må gjere avtale om time. Det er ikkje mogeleg for fastlegen å gjere ei vurdering per telefon.
Det kan vere hensiktsmessig for pasientar som har fastlege i Fyresdal, men som oppheld seg andre stadar i landet, å bytte til ein fastlege i nærleiken av der ein bur. Dette er særleg viktig for studentar i samband med nye reglar rundt fråvær.
Du må ha fastlege i Fyresdal kommune for å kunne tinge time for konsultasjon. Skulle du ikkje ha fastlege her, men likevel ha behov for akutt hjelp, vil du sjølvsagt få det.
Telefontid lege
Legen ringer tilbake i løpet av arbeidsdagen, eventuelt neste dag. Ver tilgjengeleg ved telefonen.
NB. Sjukemeldingar, forlenging av sjukemeldingar og diverse henvisningar krev legetime, dette kan ikkje avtalast på telefon.
Fritt behandlingsval
"Fritt behandlingsvalg" erstattar og utvidar fritt sykehusval, og gjev deg rett til å velge kor du skal få behandling. Snakk med fastlegen din eller ring 23 32 70 00 dersom du ynskjer rettleiing eller råd. Her finn du meir informasjon om fritt behandlingsval.
Blodprøvetaking på legekontoret
Ver merksam på at sjukepleiar ikkje kan ta blodprøver utan at pasient har vore til lege fyrst.
Unntaka er faste kontrollar som er avtalt med lege, eller dersom pasient har med seg ferdig utfyllt blodprøveskjema frå t.d. sjukehus.
Det kan ikkje takast blodprøver torsdag ettermiddag eller fredag på grunn av postgangen.
Resept og medisinbestilling
Elektronisk resept:
E-reseptar er elektroniske reseptar som fungerer på nøyaktig same måte som ein tradisjonell papirresept, dvs. at ein kan bruke dei for å hente ut reseptbelagte legemiddel frå apotek.
E-reseptordninga er landsdekkande, så du kan hente ut e-resepten din kor som helst i Noreg. Hugs å ta med legitimasjon.
Dersom du skal hente for ein annan person, treng du i tillegg fullmakt og kopi av legitimasjonen til personen du skal hente for.
Fornying av resept:
Du som pasient kan sjølv logge deg inn på helsenorge.no og be om fornying av resept på dine faste legemiddel, medisinsk utstyr og anna som blir foreskrive på resept.
Resepttjenesten på Helsenorge gjev god oversikt over kva reseptar du har og om det er meir att på resepten din.
Sjekk først!
Sjekk alltid med apoteket om du har att medisin på resept før du ringer legekontoret for å bestille nye.
Ver ute i god tid:
Det er lurt at du bestiller medisinen din i god tid før du treng den. Dette er både grunna kapasiteten til legane og sjukepleiarane på Fyresdal helsehus og at apoteket i mange tilfelle må bestille medisinen frå ekstern leverandør.
Hente på Spar eller på Daglegvare Heggland?
Dersom du ynskjer å hente medisinen din på Spar eller på Heggland Daglegvare, må du seie ifrå om det ved bestilling.
Sjølvbetent betalingsterminal på helsehuset
Betalingsautomaten på helsehuset er av merke Melin.
Fakturagebyret på betalingsautomaten på helsehuset er kr 69,-. Fakturagebyret skal dekke kostnader for administrasjon og utsending av faktura.
Kven mottek faktura med gebyr?
- Pasientar som ikkje har betalt på betalingsterminalen innan 48 timar.
- Pasientar som ikkje møter til avtalt time.
- Pasientar som ynskjer å utsette betalinga og vel å få tilsendt faktura.
Angåande fakturering via betalingsterminalen:
Faktura blir hovudsakleg sendt elektronisk, i form av sms eller e-post. Dersom det er registrert ei e-postadresse på pasienten vil betalingsopplysningane bli sendt per e-post; dersom det ikkje er tilfellet vil det bli sendt per sms.
Dersom det ikkje er registrert e-postadresse eller telefonnummer på pasienten, eller pasienten er over 75 år, vil det bli sendt faktura per post. Det vil då kome på eit miljøgebyr på kr 10,-, i tillegg til fakturagebyret.
Dersom du som pasient ynskjer å motta faktura elektronisk kan du sjølv registrere dette på pasientsky.no.
Ta gjerne kontakt med helsehuset ved spørsmål.