Naturbaserte opplevingsnæringar, deriblant fiske, er eit aukande segment i reiselivet. Ein ser at fisketurisme i mange tilfelle gjev store ringverknader. Det har kome eit initiativ om å forsøke å hente ut meir verdiskaping av fiskeressursar i fjellkommunane i Telemark; Hjartdal, Seljord, Tinn, Tokke, Tinn, Vinje og Fyresdal. Initiativet har blitt til eit prosjekt finansiert gjennom fjellandbruksmidlar frå Fylkesmannen i  Vestfold og Telemark, eigd av AT Skog. Faun Naturforvaltning leiar prosjektet i samarbeid med Gudmund Nygaard i Fishspot.no.

Målet med prosjektet er auka lokal verdiskaping, slik som dei har fått til særleg i Hedmark. Prosjektet ynskjer å kome i kontakt med dykk som vil noko med fiskeressursen dykkar, men og med dykk som har tilknytta tilbod som overnatting, fiskekortutsal, matservering eller kan vere fiskeguide. Prosjektet tilbyr ulike produktpakker ettersom kva tilbydar du er. Les meir i denne klikkbare pdf’en - de kan klikke på aktuelle tema og få meir informasjon. Ser de produktpakker som er interessante for dykk, ta kontakt med prosjektadministrasjonen - fyrste mann til mølla! Kontaktinformasjon til prosjektadministrasjonen finn de på side 2 i den klikkbare pdf’en.

Prosjektet har og ei prosjektside på Facebook der det etter kvart blir lagt ut relevant informasjon. Gruppa heiter «Fishspot Fjell-Telemark», bli gjerne medlem i denne gruppa om du er interessert i oppdateringar om prosjektet.