Sokneråd og fellesråd
Fyresdal sokneråd er både sokneråd og fellesråd, og rådet handsamar difor både kyrkjelydssaker og saker som har med bygningane og gravplassane å gjere. Fyresdal sokneråd har eige reglement for delegering av oppgåver frå soknerådet til leiar, kyrkjeverje og arbeidsutval. I arbeidsutvalet sit leiar, nestleiar og sokneprest. Kyrkjeverja er sekretær for utvalet.
I tillegg har soknerådet eit kyrkjeleg administrasjonsutval, som er eit partsamansett utval og er eit fagorgan for soknerådet i ulike saker. I kyrkjeleg administrasjonsutval sit 2 medlemer frå soknerådet og 1 medlem frå arbeidstakarane. Kyrkjeverja er sekretær for utvalet. I tillegg har soknerådet oppnemnt eit gravplassutval som kan hjelpe til med å vurdere kva som bør / skal gjerast på gravplassen. Når det gjeld kyrkjelydsarbeid så har soknerådet delegert oppgåver til diakoniutval, trusopplæringsutval og gudstenesteutval. Utvala er med på planlegging og gjennomføring av aktivitetar saman med staben i kyrkja. I kvart utval sit representantar frå soknerådet saman med andre friviljuge.
Kyrkjeleg administrasjonsutval
- Inger Olaug Angell, leiar
- Gunlag B. Kiland, nestleiar
- Soknepresten
- Torhild Sølyst, varamedlem
- Freddy Brander, representant for dei tilsette
- Ingebret Gaaren, vararepresentant
Diakoniutvalet
- Torhild Sølyst
- Gunnar Birger Grunnvik
- Torhild Moen
- Soknepresten
- Else Berit Mandt Gaaren
Trusopplæringsutvalet
- Berthe Tysvær Hegglid
- Annlaug Bergland
- Kari-Anne Noraberg
- Ingunn Lauvrak
- Sigrun Rørdal Rekvik
- Soknepresten
- Else Berit Mandt Gaaren