Fysioterapitenesta høyrer til avdeling helse og held til i underetasjen på pleie- og omsorgssenteret, med inngang på nedsida av bygget mot vatnet. Besøksadressa er Prærien 23. Du kan ta direkte kontakt med fysioterapiavdelinga; du treng ikkje tilvising frå lege.
Arbeidsoppgåver:
- Helsestasjon, barnehage og skulehelseteneste.
- Opptrening og behandling av bebuarar på POS og brukarar i heimen/heimebesøk.
- Opptrening og behandling etter operasjon, sjukdom og skade, samt smerteproblematikk.
- Treningsgrupper: Brukarar på POS og heimebuande, seniortrim, gravid- og barseltrening. For pasientar i behandling/opptrening: Styrke- og balansegruppe, bevegelsesgruppe.
- Hjelpemiddelformidling i samarbeid med vaktmester/hjelpemiddelteknikar.
Frisklivstrening:
Måndagsgruppa/herretrim: Måndagar kl. 13.15 på fysioteraoiavdelinga. Styrke, stabilitet, balanse og kondisjonstrening; 45 minutt leia av fysioterapeut. Treninga er gratis og open for alle. Treng ikkje påmelding.
Tysdagsgruppa/dametrim: Tysdagar kl. 13.15 på fysioterapiavdelinga. Styrke, stabilitet, balanse og kondisjonstrening; 45 minutt leia av fysioterapeut. Treninga er gratis og open for alle. Treng ikkje påmelding.
Barsel-/gravidtrening: Fredagar kl. 12.00 på fysioterapiavdelinga; 45 minutt leia av fysioterapeut. Fokus på kjernemuskulatur og bekkenbunn, men også styrke, stabiltet og balanse. Hyggeleg og nyttig aktivitet for mor og barn og den gravide. Individuell tilpassing og vurdering. Påmelding på telefon 95 21 79 71.