Eg hadde lyst til å introdusere meg sjølv, for i løpet av kort tid blir eg ein del av dykk! Eg blei nettopp tilsett gjennom kommunens influencer-prosjekt, og kjem snart køyrande frå Oslo med livet i pappøskjer for å søke lykka på bygda.
Å flytte til bygda har ikkje lege i korta for meg så lenge. Eg har elska storbyen med tilhøyrande bråk og valdsame liv, seine kveldar og komfortabel tilgjengelegheit, store kulturopplevingar og folkemengder å forsvinne i. Men byen har ikkje vore seg sjølv det siste året. Vi er låst inne på få kvadratmeter og livet er meir eller mindre sett på vent. Nytt av året er at vi har mutantar i gatene også. Tenk at det er ei ekte setning! For meg er det på tide å forlate byen, i alle fall for ei stund.
Det er berre nokre få månader sidan eg tok kontakt med Fyresdal kommune. Eg hugsa influencer-utlysinga deira frå i fjor, den hadde fleire gonger i løpet av året dukka opp i bakhovudet. Kanskje hadde det vore noko for meg å bu nærare naturen, med fredelegare dagar og tid til å tenke? I eit lite samfunn der folk tar vare på kvarandre og ikkje berre seg sjølv? Å oppsøke røtene mine - der mamma vaks opp, og kor eg sjølv var mange somrar som barn?
Det er langt frå Bislett til Fyresdal, på mange måtar. Men eg er ikkje i tvil om at eg har mykje å lære om å leve av livet på bygda.
Ordførar Erik og kommunen tok imot førespurnaden min med opne armar. Entusiasmen og kjærleiken deira til heimstaden er enorm - den var stor nok til å overtyde meg om at det er heilt riktig å forlate høg puls og trikkedrønn til fordel for eit rolegare liv med stor natur rett utanfor vindauget. Dei trur også at fleire kanskje tenker som meg nå om dagen. Kanskje har fleire også ein reell moglegheit til å flytte på seg nå som mange legg til rette for heimekontor.
Min jobb blir rett og slett å fortelje om korleis det er å flytte frå by til bygd, hovudsakleg gjennom Instagram-kontoen min @firgisle. Å ta dei som har lyst med på smått og stort - på godt og vondt. Kanskje blir det neste halvåret eit eventyr, kanskje blir det einsamt - eller kanskje det blir begge delar. Men så stor tru har kommunestyret på at Fyresdal er ein god stad å bu, at dei reknar med at det at eg dokumenterer livet der skal få fleire til å snuse på tanken på å kome seg ut av byen.
Eg er ganske sikker på at eg kjem til å lære masse om sjølve livet av å bu i Fyresdal, at det blir spennande - og sikkert utfordrande. Og kanskje kan eg utfordre bygda litt, også?
Alt godt frå Gisle
--- --- --- --- --- --- ---
Fyresdal kommune håpar at prosjektet kan føre til at fleire oppdagar alt det gode ved Fyresdal, og at fleire ynskjer å flytte hit. Ut av storbyen og inn til bygda - til trygge oppvekstvilkår, god plass og flott natur. Vi ynskjer Gisle hjarteleg velkomen og masse lykke til!
Rådmann Une Marit Tangen og ordførar Erik Skjervagen