Kommunen sine hovudmål for næringsarbeid:
- Auke folketalet for å trygge offentlege og private tilbod.
- Handlekraft og kreativitet skal prege næringsarbeidet i Fyresdal slik at nåverande og nye bedrifter får lyst og mot til å satse.
- Arealforvaltninga skal ta omsyn til busetjing, næringsliv og naturkvalitetar.
- Arbeide for å sikre gode kommunikasjons- og samferdselsårer i Vest-Telemark
For landbruk har vi fylgjande strategiar for å nå måla:
- Oppretthalde produksjon og verdiskaping i landbruksnæringa.
- Ta vare på kvalitetane i kulturlandskap, natur og grender.
- Utvikle nye og alternative næringar.
- Utvikle utmarksressursane gjennom berekraftig vilt- og fiskeforvaltning.
Jordbruksareal:
Kommunen har eit jordbruksareal på om lag 6 700 da. Dette disponerast av 40 brukarar. Areala er fordela på om lag 290 gardsbruk. Den viktigaste driftsforma i landbruket er sauehald, og i kommunen er det om lag 1 350 vinterfora sau fordelt på 23 buskapar. 3 mjølkeprodusentar har ei samla mjølkekvote på om lag 570 000 liter mjølk.