Jordmorvakta ligg i DPS sine lokale i Seljord, like før Seljord Folkehøgskule. Adressa er Jakob Naadlands veg 28.
Det er alltid ei jordmor på vakt. Du kan ta kontakt i heile svangerskapet, ved fødsel og dei fyrste vekene etter fødsel. Ved spørsmål som kan vente, kontakt eigen jordmor eller fastlege.
Du kan kontakte jordmorvakta ved akutte situasjonar og spørsmål knytt til svangerskap, fødsel og barseltid. Dette kan til dømes vere fødselsstart, vassavgang, magesmerter, blødning og utfordringar ved amming. Vaktjordmor vurderer om du treng ambulanse til Sykehuset Telemark.
Det er ikkje knytt lege eller anna personale til jordmorvakta, og vi har ikkje ultralydapparat. Vi har brystpumpe og spedbarnsvekt. Skulle du ikkje få kontakt med jordmorvakta, ring sentralbordet ved Sykehuset Telemark HF på 35 00 35 00 eller direkte til fødeavdelinga på 35 00 47 64.
Oppfylging hos jordmor på helsestasjon:
For oppfylging i svangerskapet tek du kontakt med jordmor på helsestasjonen i kommunen du bur i. Alle dei oppgjevne telefonnumra er til jordmødrene sin arbeidsmobil, og du vil få svar når jordmor er på jobb. Avdelingsleiar for Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark er Helene Mølster Byggland.
Fyresdal kommune | Trude Tennefoss Fostervold, mobil 90 41 71 57, Fyresdal helsestasjon, Landstadvegen 35 |
---|---|
Kviteseid kommune | Merete Kaste, mobil 905 94 651, Kviteseid helsestasjon, Granlivegen 1A |
Seljord kommune | Mirjam Thorkildsen Schade, mobil 905 98 106, Seljord helsestasjon, Ingrid Slettensveg 16 |
Vinje kommune | Helene Mølster Byggland, mobil 409 07 794, Vinje helsestasjon, Vinjevegen 192 |
Jordmorvakta i Seljord | Sissel Aardalen Brekke, mobil 994 01 860, Jakob Naadlandsveg 28 |
På svangerskapskonsultasjonene vil jordmor mellom anna:
- Fylle ut helsekort for gravide
- Kartlegge og rettleie i høve til levevanar og trivsel for mor og barn
- Rekvirere aktuelle prøver og henvise deg til ultralyd
- Måle blodtrykk, sjekke urinprøve og måle vekt
- Lytte til fosteret sine hjarteslag og måle korleis magen veks
- Gje informasjon om amming, fødsel og barseltid
- Tilby erklæring av farskap