Tilbod i Fyresdal kulturskule
Kulturskulen er eit musikk- og kulturfagleg tilbod, og fungerer som eit lokalt ressurssenter innan faga. Vi samarbeider med skule og barnehage.
Vi har eitt årleg hovudopptak med søknadsfrist 01.06., men vi praktiserer også løpande opptak så lenge det er ledige plassar. Vi prioriterer elevar i alderen 6-18 år, og gir både individuelt tilbod og tilbod i grupper.
Alle inn- og utmeldingar i kulturskulen går via elektronisk søknadsskjema (sjå skjema litt lenger ned).
Vi har fylgjande tilbod i Fyresdal kulturskule:
Individuell undervisning innan musikk:
- Akustisk gitar
- Elektrisk gitar
- Bass
- Slagverk
- Piano
- Keyboard
- Song
- Tverrfløyte
- Hardingfele
Gruppeopplæring:
- Dans og turn
- Kunst og handverk
- Band
- Slagverk
- Song
- Gitar og ukulele i smågrupper
- Korps
Den kulturelle skulesekken og beremeisen
- Den lokale utviklingsplanen for ulike tiltak innan kulturfeltet i Fyresdal; inneheld ein oversikt over satsingsområda i alderen 0-16 år.
- Den kulturelle skulesekken og beremeisen (DKS) skal gje alle born og ungdom profesjonelle opplevingar innan kulturfeltet.
- Dei fleste tilboda vert arrangert i skuletida.
- Fyresdal får eit fylkeskommunalt tiltak som heiter kulturskatten – til elevane i grunnskulen.
- For born under skulealder kjem vår lokale plan inn – Kulturnykelen. Planen vert rullert og administrert av kulturavdelinga.