Kontakt oss

Kyrkjeverje

Emilie Gravklev
Telefon 35 06 71 33
Mobil 48 18 61 04
E-post emilie.gravklev@fyresdal.kommune.no 

Sokneprest

Marte Martilla Dybdal
Mobil 47 17 72 27
E-post marte.dybdal@fyresdal.kommune.no

Kantor

Freddy Brander
Mobil 95 86 09 23 

Kyrkjetenar

Laje Bendik Gaaren
Mobil 99 27 90 53

Prostidiakon

Eilev Erikstein
Mobil 91 11 35 80

Kyrkjelydsarbeid

Vi driv eit breitt spekter av arbeid i Fyresdal sokn - både for barn, ungdom og vaksne.

Kyrkja i Fyresdal har fokus på fylgjande:

  • Trusopplæring:
    • Fyril Friluftsgruppe
    • Fyresdal Familiekor
    • Dåp
    • 4-års samling
    • 4-årsbok
    • Rottetreff
    • Utdeling av DVD til 5-åringane
    • Heilage tre kongar
    • Tårnagent
    • Lys Vaken
  • Konfirmantarbeid
  • Diakoni
  • Gudstenester
  • Konsertar
  • Gravferdstenester
  • Kyrkjebygg og kyrkjegardsarbeid 

Gravferdstenester

Pårørande eller byrå tek kontakt med prest eller kyrkjeverje. Kyrkjekontoret gjev orientering og assistanse i den grad det er ynskjeleg. Einskilde ynskjer å bruke gravferdsbyrå.

Det meste av det som har med gravferd og gravplassen å gjere vert regulert av Gravferdslova med forskrifter og lokale vedtekter.

Fyresdal prestegard

Den nåverande prestegarden er frå 1873. 

Gården Moland som i dag ligg i Fyresdal kommune, blir gjerne kalla Fyresdal prestegard, medan Moland var kommune- og kyrkjenavn fram til 1879.

Frå gamalt av blei Moland kalla Morland. 

I ein periode leigde Fyresdal gjestegard prestegarden av Opplysningsvesenets fond, men frå 2015 blei garden igjen prestebustad. Prestegarden har ei lang historie, mellom anna vaks Vidkun Quisling (1887-1945) opp her.

Kyrkjelydshuset Betel

Bygninga vart bygd i 1890. Det var den frikyrkjelege rørsla Misjonsforeininga som var byggherre og som nytta bygget til bedehus. Betel var eit midtpunkt i Folkestadbyen i mange år, og huset vart nytta til møte og samlingar av mange slag. 

Fyresdal Normisjon vart seinare og var i mange år eigar av huset, men 1. januar 2012 overtok kyrkja bygget.

Betel har blitt restaurert og ombygd fleire gonger, og etter overtakinga har vi restaurert kjøkken, veslesal og storsal. Det elektriske anlegget har òg blitt mykje oppgradert. Til bispevisitasen i april 2017 stod eit påbygg med to nye toalett og restaurert gang ferdig. Dei fyrste elektriske ljoskronene og lampettane i Moland kyrkje vart restaurerte og hengde opp i storsalen. Lampene var laga og gjevne av Bendik Veum i 1937. Ein privat gjevar gav oss pengar til restaureringa.

Kyrkja bruker nå huset som kyrkjelydshus til konfirmantundervisning, større kyrkjekaffiar og samlingar. I tillegg vert det leigd ut til minnesamvær og til andre selskap og samvær.

Prisar for å leige huset:

Per dag, inkl. bruk av kjøkken: Kr 1000,-.
Kveldsmøte utan bruk av kjøkkenet: Kr 500,-.

Leigetakarane må sjølve rydde og vaske etter seg.