Vi gratulerer Vest-Telemark med «Merket for bærekraftig reisemål»!
I godkjenningsbrevet frå Innovasjon Norge står det m.a. at Vest-Telemark blir godkjent for «Merket for bærekraftig reisemål 2024-2027» med bakgrunn i ein svært god og gjennomarbeidd leveranse; lettlest, ryddig og oversiktleg. Dette er vi stolte av å vere ein del av! Vi er sjølvsagt også stolte over å bli lyfta fram i brevet: «Fyresdal kommune tar et imponerende ansvar for reiselivsutviklingen som følge av enorm økning av besøkende til Hamaren Aktivitetspark og Tretoppvegen. Ikke bare ved å drifte anlegget, men gjennom å involvere næringsaktører og lokalbefolkning og finne gode løsninger på sambruk og gjenbruk for både servering og overnatting».
Merkeordninga er både ei sertifisering og ein strukturert arbeidsprosess. Sentralt i ordninga er ein standard som skal innfriast. Målet med «Merket for bærekraftig reisemål» er å legge til rette for at destinasjonsselskap, kommunar og andre som utgjer destinasjonsleiinga på eit reisemål, saman kan planlegge, iverksette, måle, forbetre og formidle den jobben dei gjer for eit meir berekraftig reiseliv. Merkeordninga er ei frivillig ordning som reisemål kan bruke for å systematisere og operasjonalisere arbeidet. Ordninga er for både små og store norske reisemål som har ei klar destinasjonsleiing og som er motiverte for å jobbe for auka berekraft, og som tilfredsstiller nokre grunnleggande føresetnader.
Vil du lese meir om berekraftige reisemål, klikk på denne linken som tar deg til visitnorway.