Ved lengre utfall av straum og/eller telefon- og mobildekning vil kommunane opprette såkalla “møteplassar”. På ein slik møteplass kan du få hjelp til å kome i kontakt med brannvesen, politi eller ambulanse.
I Fyresdal kommune er denne møteplassen på Fyresdal pleie- og omsorgssenter på adressa Prærien 23.
Du kan alternativt forsøke å oppnå kontakt med lokal nødetat via sikringsradio, kanal SIKR 7. NB. Dette er ein open kanal som alle kan høyre på, og skal berre brukast i nødstilfelle.
Ver førebudd og les råda frå myndigheitene: