Praksis ved behandling av dispensasjonssaker
Løyve etter forskriftas § 5c (ordinært hytteløyve) kan innvilgast der avstand mellom brøyta bilveg/parkeringsplass og hytte er minimum 500 meter. Eit slikt løyve kan gis til eigar av hytta og eigars ektefelle/sambuar. I tillegg kan løyve gis til nær slekt av hytteeigar, nærare definert som eit ledd opp (foreldre), eit ledd ned (etterkomarar) og eit ledd til sida (sysken), likelydande for ektefelle/sambuar.
Ved søknad om løyve til annanmanns hytte skal skriftleg leigeavtale leggast ved søknaden. Ved leigetilhøve over fleire år (åremål), kan også eigar av hytta ha løyve for å drifte hytta, men øvrige familiemedlemer skal ved slik bortleige ikkje ha løyve til hytta. For korttidsleige (vinter-/påskeferie o.l.) skal det ikkje innvilgast eige løyve, men i staden synast til hytteeigars løyve, eller til ervervsløyver i området.
Handikapløyve
Ved søknad om handikapløyve må det synast til varig handikap og kopi av legeerklæring vedleggast søknad. Jf. forskrifta skal handikappa gis rimeleg tilgang til heia, men køyring skal likevel fylgje trase innteikna på kart som vedlegg til søknad.
Fylgjande retningsliner gjeld:
- Skjema for legeerklæring utarbeida av Fyresdal kommune skal nyttast.
- Ein eventuell dispensasjon vil kunne gis for ein distanse det er pårekneleg at ein normalt funksjonsfrisk person vil kunne gå på ski. Det gis difor løyve til inntil 4 reisemål, der eit reisemål kan ha inntil 10 km transportavstand ein veg, dei tre øvrige kan ha inntil 5 km transportavstand ein veg.
- Det gis løye for inntil 10 turar pr. sesong, desse skal førast i logg som fylgjer med løyvet. Loggen skal kunne synast ved kontroll.
Vedløyve
Ved søknad om vedløyve, jf. forskriftas § 5e, skal det leggast ved kopi av avtale med grunneigar, samt eit kart som syner kvar ein har tenkt å hogge veden. I tilfeller det kun vert gitt vedløyve, vert det sett ei avgrensing på inntil 4 turar, der ein skal føre logg for transporten. Loggen skal kunne synast ved kontroll.
Skutertaxi
Har du behov for skutertransport? Då kan du kontakte ein av skutertaxi-løyvehavarene i lista under.
Samtlege løyvehavarar kan køyre over heile kommunen, men av omsyn til forflytning av snoskuteren er det hensiktsmessig å nytte ein i nærområdet ditt. Pris og øvrige vilkår avtalar dykk direkte med den som utøver transporten.
God tur!
Arild Gaaren; Kleivgrend | 91 34 74 18 |
Arilds Tenesteyting (Arild Metveit); Kleivgrend | 95 79 15 10 |
Bjarne Mandt; Veum, Øyane, Fjellgardane | 97 06 98 87 |
Espen S. Valseth; Veum, Øyane, Fjellgardane | 96 99 96 99 |
Gunnar K. Veum; Roan, Grytheheia, Fjellgardane | 97 58 49 24 |
Karl Rune Hansen; Kleivgrend, Torsdalen, Øysæ | 95 10 63 50 |
Leiv Birger Tovslid; Birtedalen | 91 76 14 16 |
Stein Helge Lassemo; Birtedalen | 91 52 88 45 |
Torgeir & Jon Kjell Lien; Kleivgrend | 93 28 94 47 |
Åsmund Kile; Birtedalen | 92 63 97 07 |