Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
Det er mange gode grunnar for at det er etablert ein nødtelefon for barn og unge, men viktigast av alt er at:
- Alle barn og unge skal ha eitt nummer dei kan ringe når dei opplever vald i heimen, er utsatt for overgrep, er redd for tvangsgifte eller opplever andre akutte og vanskelege situasjonar.
- Nødtelefonen 116 111 er gratis.
- Alle telefonar blir besvart av vaksne som har lang erfaring i å hjelpe barn og unge.
- Også vaksne som er bekymra for barn og unge – eller har mistanke om at dei blir utsett for vald og overgrep kan ringe Alarmtelefonen 116 111.
Kontakt:
Telefon: 116 111
Nettside: 116111.no
Anonyme Alkoholikere: 91 17 77 70
Anonyme Alkoholikere er eit fellesskap av kvinner og menn som delar si erfaring, styrke og håp med kvarandre for at dei kan løyse sitt felles problem og hjelpe andre å friskne til frå alkoholisme.
Kontakttelefonen er bemanna til fylgjande tider:
Alle kvardagar kl. 11.00–15.00
Alle dagar kl. 18.00–22.00
Telefon: 91 17 77 70
Nettside: anonymealkoholikere.no
Barnevernvakta: 90 05 33 04
Barnevernvakta er barneverntenestas akuttberedskap.
Primæroppgåvene er å bistå barn, unge og familiar i akutte situasjonar. Barnevernvaktene skal først og fremst sikre at barn og ungdom har det trygt.
Telefon: 90 05 33 04
Nettside: barnevernvakten.no
Giftinformasjonen: 22 59 13 00
Kontakt Giftinformasjonen for å få hjelp og råd ved akutte forgiftingar og forgiftingsfare.
Giftinformasjonen er i beredskap heile døgnet, alle dagar i året.
Telefon: 22 59 13 00
Nettside: helsenorge.no/giftinformasjon
Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte: 800 57 000
Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte er eit døgnope, landsdekkande gratis tilbod til seksuelt misbrukte barn og vaksne av begge kjønn, samt pårørande til seksuelt misbrukte.
Hjelpeapparatet kan også ringe denne telefontenesten for råd og rettleiing.
Hjelpetelefonen er døgnopen alle dagar i året.
Telefon: 800 57 000
Nettside: hfsm.no
IVARETAs pårørendetelefon: 800 40 567
“Ivareta - pårørende berørt av rus” er organisasjonen for alle som er berørt av andres rusbruk og psykiske helseutfordringar. Pårørandetelefonen er eit anonymt lavterskeltilbod kor du kan snakke med nokon som sjølv har pårørandeerfaring.
Telefon: 800 40 567
Nettside: ivareta.no
Kirkens SOS: 22 40 00 40
Kirkens SOS er landets største døgnåpne kriseteneste på telefon og internett.
Hos dei er det alltid nokon som tar imot samtaler, kvar einaste dag, både natt og dag, også i feriar og høgtider. Kirkens SOS ønskjer å fremme livsmot og håp for den som er i følelsesmessig eller eksistensiell krise – og er samtidig eit sjølvmordsførebyggjande lavterskeltilbod.
Telefon: 22 40 00 40
Nettside: kirkens-sos.no
Mental Helses hjelpetelefon: 116 123
Mental Helse er ein medlemsorganisasjon for alle menneske med psykiske helseproblem, pårørande og andre interesserte.
Mental Helse arbeider for auka openheit, førebyggjing av psykiske helseplager og eit betre helsetilbod.
"Hjelpetelefonen" er Mental Helses gratis døgnåpne telefonteneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym og dei har taushetsplikt.
Mental Helses hjelpetelefon: 116 123
Nettside: mentalhelse.no/fa-hjelp/hjelpetelefonen
Psykososialt kriseteam: 35 06 71 67
Psykososialt kriseteam er Fyresdal kommune sitt tilbod til hjelp i ein akuttfase.
Kriseteamet kan tre i kraft ved brå eller uventa død eller annan type krise.
Kriseteamet er sett saman av kommunalt tilsette med særleg kompetanse på samtaler og rettleiing for personar som er ramma av ulykker eller hendingar som kan medføre personlege kriser.
Ved behov eller ynskje om kontakt med kriseteamet, ring 35 06 71 67. Fyresdal pleie- og omsorgssenter er døgnbemanna og tilsette vil formidle vidare kontakt.
Ungdomstelefonen: 40 00 07 77
Ungdomstelefonen er eit tilbod til unge som treng nokon å snakke med om seksualitet, kjønn, identitet, legning, forelskelse, aktivitetstilbod eller sikrare sex.
Dei som svarar i Ungdomstelefonen er ikkje psykologar, helsesjukepleiarar eller lærarar. Dei er unge vaksne mellom 18 og 30 år som sjølv har vore unge og forvirra. Nå er dei trygge på kven dei er og vil gjerne hjelpe deg med å bli det same.
Telefon: 40 00 07 77
Nettside: ungdomstelefonen.no
Vaksne for barn: 48 89 62 15
"Voksne for Barn" er ein ideell medlemsorganisasjon som i snart 60 år har jobba for barns oppvekstvilkår og psykiske helse.
Dei besvarar alle type spørsmål, frå kvardasglege utfordringar som søvn og grensesetting til meir alvorlege som til dømes mobbing og sorg.
Telefon: 48 89 62 15
Nettside: vfb.no
Vern for eldre: 800 30 196
Det å vere utrygg har ingen aldersgrense. Vern for eldre er eit tilbod til personar over 62 år som er utsatt for vald og overgrep.
Dei gir støtte, råd og rettleiing og informerer om aktuelle hjelpeinstansar ved behov.
Telefon: 800 30 196
Nettside: vernforeldre.no
Vald- og overgrepslinja: 116 006
Vold- og overgrepslinjen 116 006 er en hjelpelinje for deg som opplever vold eller overgrep i nære relasjoner.
Telefonen er landsdekkende, gratis og åpen hele døgnet. Er du utsatt for vold eller overgrep av noen som står deg nær, kan du få hjelp, råd og svar på spørsmål, men du kan også ta kontakt om du bare har behov for at noen lytter til deg. Du kan også få hjelp til å finne fram til andre hjelpetilbud i nærheten av der du bor.
Telefon: 116 006
Nettside: dinutvei.no