Kommunens psykisk helse-teneste
Målet med tenestene er å bidra til å fremme sjølvstende og styrke evna til å meistre eige liv, samt å bidra til å bryte/motverke isolasjon og inaktivitet. Tilboda gjeld deg som har psykiske vanskar eller lidingar, og/eller rusrelaterte vanskar. Pårørande til personar med psykiske lidingar og/eller rusrelaterte vanskar kan og få tilbod om støttesamtaler.
Slik kjem du i kontakt med kommunens psykisk helse-teneste:
- Send søknad om pleie- og omsorgstenester via kommunens heimeside.
- Be lege eller spesialisthelsetenesta (t.d. sjukehus eller psykolog) om å formidle kontakt for deg.
- Ring direkte til vakttelefon psykisk helse og rus, mobilnummer 97 56 15 74. Telefonen er bemanna kvardagar måndag t.o.m fredag mellom kl. 08.00 og 15.00. Ved akutt behov for hjelp på kveld, helg og høgtid må legevakt kontaktast på telefon 116 117.
Kva skjer vidare?
- Etter oppmodinga blir det gjort ei vurdering, vanlegvis ei samtale med kartlegging, deretter vert ein einige om eventuelle tiltak.
Tenesta omfattar mellom anna:
- Støttesamtaler, rettleiing og oppfølging i forhold til eigen livssituasjon.
- Heimebesøk/miljøarbeid.
- Samarbeid med andre aktuelle instansar som t.d. fastlege, Nav, Kvito og spesialisthelsetenesta.
- Rettleiing og tilrettelegging rundt busituasjonen.
- Støtte og hjelp i forhold til arbeid og daglege aktivitetar.
- Aktivitet i grupper kan bli aktuellt ut i frå behovet i brukargruppa.
Desse tilboda er vedtaksbasera. Dette tyder at du må søke om teneste. Tilbod blir så langt som råd tilrettelagt etter brukarane sine ynskje om aktivitetar innanfor dei rammene vi har. Tenesta er gratis.
Lågterskeltilbod (tilbod som er ope for alle, og der det ikkje er behov for vedtak):
Måndagskafé på frivilligsentralen:
Kaféen er open kvar måndag kl. 10.00-14.00. Her møtast vi for ein hyggeleg prat. Vi fokuserer på trivsel, livskvalitet, samvær og meistring. Velkomen!
Gustav Levang Iversen - miljøarbeidar innan psykisk helse og rus
Gustav Levang Iversen er tilsett som miljøarbeidar innan psykisk helse og rus frå august 2024. Stillinga er ei 100 % prosjektstilling i 2 år. Hovudvekta for stillinga vil ligge på førebygging hos unge vaksne (18-24 år) og vaksne (25-66 år). Gustav vil ha kontorstad på helsehuset. Ta gjerne kontakt!