Er kvardagen krevjande?
Strever du med tunge og triste tankar? Føler du deg nedstemt? Står du i ei livskrise? Opplever du at stress, uro, søvnvanskar og bekymringar overveldar deg eller gjer det vanskeleg å fungere? Hos oss kan du få hjelp utan lang ventetid, slik at problema ikkje utviklar seg.
Kven kan nytte seg av tilbodet?
Rask psykisk helsehjelp er eit lågterskeltilbod til deg over 16 år busett i Vest-Telemark, med symptom på mild til moderat depresjon, angst, søvnvanskar og begynnande rusproblem. Tilbodet er gratis. Du tar sjølv kontakt, utan henvisning frå fastlege. Tilbodet bygger på kognitiv terapi, som er ein godt dokumentera behandlingsmetode for psykiske vanskar. For å ha god nytte av tilbodet er det viktig med eigeninnsats mellom behandlingstimane.
Vi er ingen akutteneste. Ved behov for akutt hjelp må du kontakte fastlegen din, legevakta 116 117, eller ambulanse 113. Vi har som helsepersonell plikt til å føre journal når du mottar helsehjelp.
Til deg som er i målgruppa tilbyr vi:
- Undervisningsbasera kurs
- Assistert Selvhjelp
- Gruppebehandling
- Individuelle samtaler
Dei fleste vil få tilbod om kurs eller Assistert Selvhjelp. Nokon kan i tillegg ha behov for kortvarig behandling i gruppe eller individuelt. Saman bestemmer vi kva for tilbod som vil passe deg. Ta gjerne kontakt for å høyre om dette kan vere eit tilbod for deg.
Kven er vi?
Rask psykisk helsehjelp er eit tverrfaglig samansett team i Vest-Telemark med brei og god kompetanse. Alle har lang erfaring med å jobbe med psykiske helseutfordringar i kommune- og spesialisthelsetenesta. Alle tilsette har vidareutdanning i psykisk helse/rus og kognitiv terapi.
Tilsette i teamet:
- Eva Margrethe Ellingsen – sosionom/fagleiar/kognitiv terapeut
- Anne Lise Storkaas Forberg – sjukepleiar/kognitiv terapeut
- Toril Aasmundstad – sjukepleiar/kognitiv terapeut
- Ingunn M.D. Birkeland – sjukepleiar/kognitiv terapeut
- Marika Alva Bjørge – psykolog/kognitiv terapeut
Kontakt oss på:
- Telefon/sms: 90 67 01 30 – telefontid tysdag-torsdag kl. 12.00-14.00
- Mail: rph@vest-telemark.no (ikkje skriv sensitiv informasjon i e-post)
- Adresse: Brøløsvegen 47, andre etasje, 3840 Seljord
- Kontoradressa vår er i Seljord, men vi disponerer kontor i alle kommunane i Vest-Telemark
Undervisningsbasera kurs
TANKEVIRUS
Tankevirus er ein premiert metode (Helseprisen 2016) som blir retta mot førebygging og tidleg behandling av lette til moderate psykiske plager. Tankevirus er basert på normalpsykologi og grunnprinsipp frå metakognitiv og kognitiv åtferdsterapi, og beskriv logiske feilslutningar som ulike "tankevirus" som kan bli kan behandla med "psykologiske vitamin." Les gjerne meir på www.tankevirus.no.
Tankevirus er eit kurs for deg som ynskjer å lære om korleis tankar og merksemd påverkar korleis du har det. Kurset går over 3 gonger, ca. 1,5 time kvar gong. Samling 1: Vårt psykologiske immunforsvar. Samling 2: Tankevirus. Samling 3: Psykologiske vitamin.
For påmelding og informasjon om tidspunkt og oppmøtestad, ta kontakt med oss på rph@vest-telemark.no eller 90 67 01 30. Kurset er gratis.
ER DET BERRE MEG?
Livet skjer med oss alle og det påverkar oss på ulike måtar! Det er fort å tenke at det er berre eg som slit med vanskelege tankar og kjensler. Men, me har alle ei psykisk helse! På kurset vil du lære om ulike måtar å meistre utfordringar på, og du vil og få gode verktøy for å jobbe vidare på eigenhand - for å kunne bli din eigen terapeut.
Samling 1: TANKEKLUSS – du vil får ei innføring i kva tankar, grubling og bekymring er, og ulike verktøy for å handtere dette.
Samling 2: KLUMP I MAGEN – du vil få ei innføring i kva kjensler er, kva kjensler me har, kva funksjonar dei har, stressrespons og korleis me kan handtere og tole vanskelege kjensler.
Samling 3: EG KAN – du vil få ei innføring i kva sjølvkjensle er, kva som kan styrke og svekke sjølvkjensla, forskjell på sjølvkjensle og sjølvtillit, og korleis sjølvkritikk påverkar oss.
Ta kontakt for meir informasjon om kurset, varigheit, tidspunkt for oppstart – og påmelding: rph@vest-telemark.no eller 90 67 01 30. Kurset er gratis.
STÅ OPP – SØVNBEHANDLING
Tilbodet er for deg som har langvarige søvnvanskar/insomni. Behandlinga er basert på kognitiv åtferdsterapi, som er anbefalt behandlingsmetode for personar med langvarige søvnvanskar. Kjerneelementa til behandlinga er søvnrestriksjon og stimuluskontroll. Dette er velkjende og godt dokumenterte metodar i behandling av kroniske søvnvanskar. Behandlingsprogrammet er også kvalitetssikra gjennom systematisk innsamla data i samarbeid med Folkehelseinstituttet, og resultata er presenterte i ein vitskapleg artikkel i Tidsskrift for Norsk psykologforeining, august 2020.
Tilbodet består av totalt sju samlingar, med opplæring i søvn, søvnrutinar, og kva endringar du kan gjere for å få betre søvn. Behandlinga er krevjande for deltakarane, men effektiv. Det er viktig at du er motivert, og klar til å gjere endringar i søvnen. Du jobbar på eigenhand med det du har lært i gruppa mellom samlingane.
For meir informasjon om tilbodet og påmelding: Me ynskjer å invitere deg til ei samtale for å vurdere om dette behandlingstilbodet er noko for deg. Ta gjerne kontakt med oss på rph@vest-telemark.no eller 90 67 01 30. Tilbodet er gratis.