Vassverk

Fyresdal kommune har to kommunale vassverk med ein driftsoperatør.

Fyresdal vassverk:

Fyresdal vassverk hentar vatn frå grunnvatn i lausmasser. Grunnvatnet blir filtrera i eit marmorfilter og gjennomlyst med ultrafiolett stråling før det blir pumpa inn på kommunalt nett. Vassverket er godkjent etter drikkevannsforskriften. Anlegget dekker området frå Molandsmoen til Sitjeåa.

Hauggrend vassverk:

Hauggrend vassverk hentar vatn frå fire grunnvannsbrønnar i fjell. Dette vatnet har ein god kjemisk sammensetning og blir ikkje behandla med anna enn ultrafiolett stråling før det blir sendt ut på nett.

Har du fått kokevarsel?

Vi fylgjer råd frå Folkehelseinstituttet om å anbefale koking ved mistanke om at drikkevatnet kan vere forureina. Terskelen for å anbefale koking av drikkevatnet er svært låg med bakgrunn i "føre-var"- prinsippet. Ved leidningsbrot, trykkfall eller mogleg forureining er rådet å gje kokevarsel.

Alt vatn som skal drikkast må vere kokt. Koking drep mikroorganismar som virus, bakteriar og parasittar. Vatnet bør fosskoke eit minutt. Ein vasskokar vil normalt vere tilstrekkeleg.

Folkehelseinstituttets råd til private hushaldningar kring koking av vatn

Alt vatn som skal drikkast må vere kokt. Du bør i tillegg bruke kokt vatn til:

  • All mat som ikkje skal kokast eller varmebehandlast over 100 °C
  • Utblanding av saft, og andre produkt som drikkast eller etast
  • Isbitar
  • Kaffi
  • Skylling av frukt, salat og grønnsaker som ikkje skal kokast
  • Tannpuss
  • Barn bør ikkje leike med vatn i hagevatningsanlegg eller bade i barnebasseng i periodar med kokevarsel

Ukokt vatn kan brukast til:

  • Koking av mat
  • Handvask (hendene vaskast med såpe, skyllast og tørkast etterpå)
  • Dusjing og karbad (ikkje svelg vatnet - ha særleg kontroll med små barn)
  • Manuell oppvask og oppvaskmaskin (ved oppvask for hand må oppvasken skyllast med kokt, varmt vatn eller tørkast godt)
  • Klesvask
  • Reinhald i huset
  • Anna bruk heime
  • Eit alternativ til kokt vatn kan vere flaskevatn

Ved mistanke om forureining av vatnet har vi fylgjande prosedyrar

  • Vi tar prøver av vatnet
  • Vi vurderer om det har vore situasjonar som kan ha forårsaka inntrenging av forureining på nettet
  • Vi kontrollerer at alle hygieniske barrierar ved vassbehandlingsanlegget har vore intakt heile tida
  • Vi undersøker om det har vore spesielle aktivitetar eller hendingsr i forsyningssystemet, t.d. vassleidningsbrot
  • Vi vurderer om det har vore trykklause episodar (t.d. sterk tapping, brannvatn) eller om det har vore anleggsarbeid på leidningsnettet
  • Kontroll av sårbare punkt, t.d. høgdebasseng og brannventilar

Dersom vi har mistanke om forureining, sender vi ut kokevarsel og set i gang tiltak for utbetring, samt tar nye prøver av vatnet.

Det tar 1-2 døgn å få analysert vassprøver.

Reinseanlegg

Fyresdal kommune har to kommunale avløpsreinseanlegg med ein driftsoperatør.

Fyresdal reinseanlegg:

Reinseanlegget fekk ny konsesjon av Fylkesmannen i Telemark (nå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark) i år 2000. Anlegget består av både kjemisk og biologisk reinsing og er såleis eit høggradig reinseanlegg. Anlegget dekker området frå Molandsmoen til Sitjeåa.

Hauggrend reinseanlegg:

Reinseanlegget fekk konsesjon av Fylkesmannen i Telemark (nå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark) i 1990. Anlegget er eit kjemisk reinseannlegg.