KOSTRA
KOSTRA = KOmmune-STat-RApportering
Dei viktigaste datoane i samband med KOSTRA til SSB er som fylgjer:
- 15. januar: frist rapportering sensitive data.
- 15. februar: frist rapportering ikkje-sensitive data.
- 15. mars: SSB offentleggjer nykjeltal.
- 15. april: frist revidera innrapportering.
- 17. juni: SSB offentleggjer oppretta nykjeltal Nykkeltala femnar om kommunale rekneskap og tenestedata for områda barnehage, grunnskule, kommunehelseteneste, pleie- og omsorg, sosial, vatn, avløp, renovasjon, kulturminne, natur og miljøvern, kultur, samferdsel og brann- og ulykkesvern.
Dataene attendeførast til brukarane gjennom ei tredela inndeling:
- Nivå 1 - Utvalde og aggregerte nykkeltal.
- Nivå 2 - Detaljera nykkeltal.
- Nivå 3 - Grunnlagsdata.
Utvalde og aggregerte nykkeltal er tiltenkt administrative og politiske leiarar og andre interesserte som treng oversikt og hovudtal for områda. Detaljera nykjeltal er i hovudsak tiltenkt sektoransvarlege og sakshandsamarar i kommune/fylkeskommune og andre interesserte som ynskjer å gå djupare inn i eit eller fleire områder i kommunal sektor. Grunnlagsdata er tiltenkt brukarar som kan gjennomføre eigne analyser.