Plan- og bygningsloven har krav om at alle kommunar skal ha ein plan som viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk i heile kommunen, dette er kommuneplanen sin arealdel. Gjeldande arealdel for Fyresdal kommune blei vedteken i 2014.

Det er nå behov for ei oppdatering som tar omsyn til utviklinga som har vore dei seinare åra innanfor arealplanlegging og omsynskrav, og som innarbeider nye nasjonale og regionale føringar.

Kommunal planstrategi for Fyresdal kommune 2024-2027, vedteken 25. april 2024, seier at kommuneplanen sin arealdel skal rullerast i løpet av 2024-2025, kommunedelplan for Fyresdal sentrum skal innarbeidast i kommuneplanen sin arealdel.

Tema med særskilt fokus i denne rulleringa er:

  • Planvask
  • Bustadutvikling
  • Næringsutvikling
  • Fornybar energi
  • Omsynssoner
  • Fritidsbustader
  • Føresegner

Vi tek imot innspel til ny arealbruk innanfor desse tema i denne rulleringa:

  • Bustadområde
  • Næringsareal
  • Fritidsbustader – kun fortetting eller utviding av eksisterande areal for fritidsbustader

Har du spørsmål vedrørande eit mogleg innspel til arbeidet, ta kontakt med oss så rettleiar vi deg gjerne.

Vi tar imot innspel fram til 10. februar 2025.

Planvask

Planvask betyr at kommunen går igjennom eldre reguleringsplanar og byggeområde i kommuneplanen sin arealdel for å sikre at vi har oppdaterte planar. Alle byggeområde i kommuneplanen og alle eksisterande reguleringsplanar vil bli vurdert opp mot ny kunnskap, særleg for tema naturmangfald og klima, men og i forhold til risiko og sårbarheit. Det vil på bakgrunn av oppdatert kunnskap bli vurdert å redusere eller ta ut av planen, byggjeareal og reguleringsplanar som er i konflikt eller som ikkje er realisert 10 år etter vedtak.

Grunneigarar som har eksisterande reguleringsplanar vil bli tilskrivne med nærmare informasjon om denne prosessen.

Her kan du lese samla saksprotokoll

Her kan du lese høyringsutkastet til planprogram