Skatteetaten overtok ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene 01.11.2020. Skatteetaten har med dette fått eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkreving og kontroll av skattar og avgifter.
Oppgåvene som blei overførte til Skatteetaten 1. november 2020 var mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytt til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.
Det er altså ikkje lengre skatteoppkrevjar (kemner) i Fyresdal kommune, og det er dessverre ikkje mogleg å få hjelp til spørsmål knytt til f.eks. restskatt.
Næraste fysiske skattekontor er nå i Bø (ev. Skien).
Merk at ein ikkje kan sende e-post til Skatteetaten, bare elektronisk skjema og chat, ev. ringe dei.
NB. Hugs å bestille time hos dei på førehand, dersom du ynskjer eit fysisk møte.
Sjå skatteetaten.no og skatteetaten.no/kontakt for meir informasjon.