Fyresdal kommune treng støttekontakt til oppdrag for barn på skulen som treng hjelp til å få ei aktiv fritid.
De gjer ulike aktivitetar saman.
Vi treng også støttekontakt til oppdrag for vaksne og eldre som treng hjelp til å få ei aktiv fritid, besøk og samtale.
Søkar må ha fylt 16 år.
Noko for deg?
Ta kontakt med sjukepleiar på helsestasjon Nina Breivik på telefon 35 06 73 04 eller tenestekontoret ved Siv Skeimo Seltveit på telefon 35 06 71 65.