Dersom uhellet er ute, og du har køyrd på eit dyr, er dette viktig:
- Set på naudblink, tak på refleksvest og sikre staden med varseltrekant.
- Skaff deg oversikt over eventuelle personskadar, og ring 113 om hjelp er naudsynt.
- Sjekk om dyret ligg i umiddelbar nærleik til skadestaden.
- Ring politiet på 02800 for å melde frå om hendinga. Politiet tek kontakt med jegerkorpset, som har kyndige folk for ettersøk og eventuell avliving.
- Marker skadestaden med ein plastpose e.l. slik at ettersøkspersonell kan finne staden dyret vart påkøyrd.
Er det andre meldingar eller spørsmål knytt til påkøyrd vilt, tak kontakt med Aslak Momrak-Haugan.