Regulering av barnehagesatsane
Barnehagesatsane er regulert etter Forskrift om foreldrebetaling i barnehager.
Eigenbetaling for barnehagen fylgjer maksimalsatsen vedteke av Stortinget.
- Frå 01.01.2024 er maksimalgrensa for foreldrebetaling sett til kr 3 000,- per månad.
- Frå 01.08.2024 er maksimalgrensa for foreldrebetaling sett til kr 1 500,- per månad.
Gratis kjernetid i barnehagen
Ordning med gratis kjernetid på 20 timar per veke for 2-, 3-, 4- og 5-åringar.
Eigenbetaling på SFO
Eigenbetaling for SFO er kr 35,- pr. time i skuleåret. Maksimal månadspris i sommarferie er kr 3 000,-.
Gratis SFO
- 12 timar gratis SFO for elevar i 1. og 2. klasse frå 01.08.2023.
- 12 timar gratis SFO for elevar i 3. klasse frå 01.08.2024.
- Gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5. til 7. trinn.
Moderasjonsordning
Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein barnehageplass/SFO-plass maksimalt skal utgjere 6 % av familien sin samla hushald, dersom:
a) maksimalgrensa for foreldrebetaling for eit år utgjer meir enn seks prosent av hushaldet si inntekter det siste året eller,
b) det er ei varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eit år utgjer meir enn 6 % av hushaldet si inntekt
Dette blir rekna ut individuelt. Moderasjonsordningar, avhengig av foreldra si samla brutto inntekt, blir innvilga etter søknad. Betalingssatsen vil av denne årsak vere ulik for kvar og ein.
Syskenmoderasjon
Syskenmoderasjon med 30 % reduksjon for andre barnet og 100 % reduksjon for tredje og påfylgjande barn.