Korleis kjem eg dit? 

Fylg riksveg 355, ca. 3 km frå Fyresdal sentrum retning nord. Tak av riksvegen mot Gjøvdal/Birtedalen og tak til høgre i vegkryss mot øvre Birtedalen. Ca. 30 km frå Fyresdal sentrum. Løypene startar ved Søgardsplassen (informasjonstavla) i Birtedalen. Parkeringsavgift kr. 50,- per bil.

Løypekart

Treng du meir informasjon, kontakt Stein Helge Lassemo på 91 52 88 45, eller sjå Facebook-sida til Birtedalen sti- og løypelag.