Kommunen/plankontoret vurderer korleis saka skal behandlast vidare. Gjeld søknaden i LNF-området (Landbruk-, Natur- og Friluftsområde) går den vidare til rådgjevar landbruk for tilråding. Grunneigar må her betale eit gebyr. Ligg det føre søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningsloven, skal søknaden behandlast av formannskapet. Konsesjonssaker behandlast av landbrukskontoret.

Når søknaden har vore igjennom dei nødvendige instansar og vedtak fatta, går saka vidare til oppmålingsingeniøren for kartforretning og oppmåling. Etter oppmåling får tomta eit eige gards- og bruksnummer i matrikkelen, før det blir sendt melding til tinglysing. 

Matrikkelen er Noregs offisielle register over fast eigedom; bygningar, bustader og adresser.

På kartverket.no finn du meir informasjon om frådeling av ny eigedom

På kartverket.no finn du skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring