Litt historie - Hamaren og Tretoppvegen
Hamaren Aktivitetspark stod ferdig våren 2017 (lenke = film frå opninga), og den har blitt eit eldorado for alle aldersgrupper! Parken har turvegar som er universelt utforma og mange ulike aktivitetstilbod: Sykkelløype, tretopptrampoline, klatrepark, utekjøkken, gapahukar, bålplassar, badeplatting, grillhytte, natursti, klatreelement i stål og tre (Bjørnen og Reven), og ei spektakulær gangbru rundt Hamarens sørlegaste punkt.
For å auke verdiskapinga og få endå fleire tilreisande er aktivitetstilbodet nå utvida med ein spektakulær tretoppveg! Tretoppvegen er bygd i eit inkluderande design (for å møte behova til størst mogleg antal menneske). Tretoppvegen er ca. 1 km lang og 2 meter brei, og den er universelt utforma. På toppen endar vegen i ein utsiktssirkel på 45 meter i diameter - her kan du nyte utsikten over Fyresvatn frå 15 meter over bakken! Tretoppvegen fylgjer konturane i landskapet, og hentar høgde frå landskapet for å gjere stigninga mest mogleg universell. Tretoppvegen hadde offisiell opning 02.06.2023.
Her ser du illustrasjonar av Tretoppvegen (designa av EFFEKT arkitekter):
NB. Av omsyn til tryggleik er all bruk av sykkel, el-sykkel, moped, MC og sparkesykkel (vanleg og elektrisk) forbode i Tretoppvegen.
Rasteplassar, sykkelløype, overnatting, trampoline, klatring m.m.
Universelt utforma turveg
Utgangspunktet for den universelle turvegen er på nordsida av Gimle skule. Vegen går nordover mot Grunnviksbukta, før den svingar attende og fylgjer vasskanten sørover med flott utsikt ut over Fyresvatn. Vidare går ein sørover langs vasskanten, ca. 500 meter, før ein kjem inn på ei trebru konstruert som ei tømmerrenne til minne om fløytingstida i Fyresdal. Vegen går så vidare på ei spektakulær gangbru rundt Hamarens sørlegaste punkt, før den igjen går over i ei tømmerrenne i retning Munkhola. Herifrå kan ein velje om ein vil gå i retning Sauekro mot Fyresdal Næringshage og bryggeparken, eller om ein vil gå nordover forbi Klokkargarden og attende til utgangspunktet. Langs vegen vil ein finne bord og benkar tilrettelagt for ein hyggeleg rast. Heile turvegen er universelt utforma og passar for alle brukargrupper.
Total lengde, med Tretoppvegen: Ca. 3,5 km.
Terreng: Lett.
Gangtid, med Tretoppvegen: Ca. 1,5 time.
I tillegg til rundløypa er det mange stiar på kryss og tvers i Hamaren.
Rasteplassar
Undervegs kan du nyte nista eller lage din eigen mat i grillhytta eller i utekjøkkenet. Nyklar til grillhytta kan lånast i Fyresdal barnehage (etter avtale) eller på sommarkaféen i sesong. Du kan også bruke bålplassen på toppen, Klokkarhamaren. Du finn eit lite vedlager like ved. Elles er det fleire fine plassar å stoppe for å ta ein rast og ete niste, eller berre kvile og nyte utsikten.
Sykkelløype
Midt i hjartet av Hamaren ligg ei flott sykkelløype bygd av Bike Solutions frå Frankrike. Løypa er retningsstyrt, du syklar opp ein veg og ned ein annan. Løypa er skilta og det er viktig at alle fylgjer skiltinga. Løypa passar for alle og er gradert som ei blå løype. Frå den blå løypa går det ein avstikkar som er gradert som raud løype. Dette er ein nedfart som er for dei med litt meir erfaring. Løypa er bygd av elevar på Gimle skule etter instruksjon frå Bike Solutions. På toppen av sykkelløypa har elevane laga benkar og bord for ein rast.
Overnatting i telt, hengekøye eller gapahuk
Det er tillate å telte i Hamaren, men området utanfor løypene er kuperte og ikkje optimale for teltbruk. Vi anbefalar heller hengekøye i dei mange flotte furutrea som finst i området, eller gapahukane som står på toppen av Hamaren.
Tretopptrampoline
Tretopptrampolinen er montert ca. 3 meter oppe i furutrea og måler 5x5 meter. Den har høge veggar, slik at du kan hoppe og sprette som du vil. Du kan også berre ligge og sjå opp i tretoppane, eller overnatte! Du kjem opp i trampolina via ein taustige.
Klatreløype
Klatreløypa er levert av Høyt og Lavt, og den har ei utforming som gjer at du kan bruke den utan sikringsutstyr. Her kan du mellom anna klatre i nett, balansere og bruke zipline. Veldig populært for både store og små!
Bjørnen og Reven
Bjørnen og Reven er to heilt unike klatreelement i stål og tre designa og laga av Valebjørg Design. Her kan barna klatre inn i bjørnen (inni finn dei eit lysande hjarte som er fullt av spennande små figurer) og skli på reven.
Natursti
Her i parken kan du lære meir om lokalt dyre- og planteliv, treslag, historie og eventyr gjennom flotte naturstiskilt. Skilta er tilpassa barnehageborn og småskuleelevar, men alle og ein kvar kan lære litt av dei. Plasseringa er på stader som passer til tema, nokre nær turvegen, andre eit stykke ifrå. Langs turvegen og stiane finn du små piler som viser deg vegen. Skilta er laga av elevar ved Gimle skule.
Tretoppvegen vinnar av «Iconic Awards 2024: Innovative Architecture» - 17.09.2024
Ny pris til Tretoppvegen! Denne gongen frå German Design Council (Designrådet) for «outstanding design quality». Prisen er «Iconic Awards 2024: Innovative Architecture – Best of Best» i kategorien «Architecture – Public/Culture/Education».
Tretoppvegen skapar ein fristad i naturen, den gir alle besøkande – uavhengig av alder og funksjonsnivå – ei unik oppleving med fantastisk utsikt over Fyresdals fjell og skogar frå 15 meter over bakken.
German Design Council (Designrådet) er ein ideell tysk organisasjon. Dei jobbar for å skape bevisstheit kring design, mellom anna via kommunikasjon og kunnskapsdeling innanfor feltet.
Vi gratulerer EFFEKT, Faun Naturforvaltning, Inge Aamlid og oss sjølve med ein gjæv pris!
Sjølve prisutdelinga vil finne stad i oktober.
Tretoppvegen vinnar av «Design for Social Impact» - 08.06.2024
AIA Continental Europe har utropt Tretoppvegen som vinnar av kategorien «Design for Social Impact» i «AIA Continental Europe 2024 Design Awards». AIA Continental Europe er ein del av The American Institute of Architects, og dei støttar arkitektar, studentar og bygningsfagfolk gjennom program som bygger opp under fellesskapet mellom verksemder m.a. i Europa og USA.
Tretoppvegen blei valt som vinnar på grunnlag av designet som fremjar eit rettferdig samfunn og sosial integrering, og som påverkar nåverande og framtidige brukarar, i tillegg til det større fellesskapet, på ein positiv måte.
«Social impact» kan forklarast som «betydelege eller positive endringar som løyser eller i det minste set stor fokus på sosiale forskjellar og utfordringar».
Her kan du lese meir om kåringa: aiaeurope.org/designawardwinners2024
Heiderleg omtale til Tretoppvegen - 24.01.2024
Folkehelsepris til Hamaren Aktivitetspark - 06.11.2023
Folkehelseprisen er en heder som deles ut for innsats til beste for folkehelsen. Den går til personer som enten bidrar til sosial støtte, nettverk og aktivitet som skaper trivsel og livskvalitet, bidrar til gode nærmiljøer, bidrar til inkludering og bekjempelse av utenforskap, skaper generasjonsmøter og aktiviteter på tvers av generasjoner eller har hatt stor betydning for folkehelsen og sosiale forhold i nærmiljøet.
Nasjonalforeningen for folkehelsen, Vestfold og Telemark fylkeslag, vedtok å gje folkehelseprisen for 2023 til Hamaren og Tretoppvegen.
Internasjonal pris til Hamaren Aktivitetspark i 2022
Hamaren Aktivitetspark gjekk heilt til topps då International Design Award gjekk av stabelen på videotenesta Zoom, direkte frå Japan, i januar 2022!
Det var 54 deltakarar frå 9 forskjellige land med i konkuransen, og Hamaren vann tittelen Grand Award, som er den gjævaste prisen. Det er International Association for Universal Design (IAUD) som delar ut prisen. IAUD International Design Award er ei årleg prisutdeling der universell utforming står i høgsetet. Les meir om International Design Award på IAUD si nettside.
Fyresdal kommune delar prisen med Faun Naturforvaltning som har vore prosjektleiar, med arkitekt for fjellbrua, Sør Arkitekter, Byggmester Inge Aamlid som har stått for mykje av utforminga, og Feste Landskap Arkitektur som designa Klokkarhamaren saman med elevar frå Gimle skule. Men prisen delast også med heile Fyresdal! Det er utan tvil innbyggaranes involvering, innsats, bruk – og ikkje minst fantastisk marknadsføring som set oss på kartet! Prisen får vi nettopp for god involvering av innbyggarane i Fyresdal, for tilpassing til alle brukargrupper og for vakkert design. Her kan du lese noko av det IAUD seier om Hamaren:
The jury spoke highly of this project:
Hamaren Activity Park is an excellent example of how to engage the local community and a diversity of user groups and stakeholders in a co-creation process from the start. It emphasises the importance of nature for physical and mental wellbeing, and demonstrates how to make a wild rugged landscape accessible for all. The result is an inclusive park where different needs are met, including those of children, teenagers, older people and people with limited capability, offering a wide range of activities at many levels. The local community’s commitment, ownership and care for the park has also made it an appealing and attractive tourist destination.
Les heile avgjersla og meir om kriteria for nominasjon på IAUD si nettside.
Fleire prominente gjester var i dag til stades for å gratulere kommunen etter prisutdelinga, mellom anna fylkesordførar Terje Riis Johansen, statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann frå KUD og Kjetil Ostlie frå Visit Telemark.
I 2017 vann Hamaren Aktivitetspark også Design og Arkitektur Norge (DOGA) sin Innovasjonspris for Universell utforming, kategori landskapsarkitektur.
Her kan du sjå DOGA sin film frå 2017: