Legane i Nordsjøturnus delar på ei fastlegeliste - 06.06.2023
Dei tre legane som jobbar "Nordsjøturnus", Bastian Gundersen, Joakim Bergh og Kristin Maria Nes, delar på ei fastlegeliste.
Det er berre ein lege som kan stå som "eigar" av ei fastlegeliste hos Helfo, derfor er det Bastian Gundersen som står oppgitt som fastlege. Dette forklarar kvifor mange nå har fått brev frå Helfo med informasjon om at dei har blitt tildelt Bastian Gundersen som fastlege.
Dei tre Nordsjølegane delar på fastlegeansvaret. Dersom nokon t.d. har ein kronisk sjukdom og går til faste legekontrollar, vil vi prøve så godt vi kan at vedkomande kjem til den same legen kvar gong på desse kontrollane. Det er også mogleg for andre å be om time hos den Nordsjølegen dei ynskjer, men det kan då bli litt tid å vente på å få time.
Alle tre legane har ansvar for å fylgje opp prøvesvar, epikriser, røntgensvar, e-meldingar osv. dei to vekene dei er på jobb.
Legevaktskontoret offisielt opna og Nordsjøturnusen godt i gang - 10.05.2023
Legevaktskontoret på POS blei offisielt opna måndag 8. mai, og Nordsjøturnusen er nå inne i si fjerde veke.
Hugs at du framleis må ringe det nasjonale legevaktsnummeret - 116 117 - ved behov for kontakt med legevaktstenesta. Legevakta i Arendal tek imot førespurnaden, gjer ei vurdering og triagerer. Dersom det er behov for konsultasjon med lege, blir legen i Fyresdal kontakta.
Nå er det rett før oppstart av Nordsjøturnus - 03.04.2023
Vi gler oss til å få faste legar på legekontoret, samt legevakt i eiga bygd! Vi startar rett etter påske. Bastian Gundersen startar i fyrste rotasjon den 11. april.
Legevakta startar opp frå 12. april. Innbyggarane i kommunen må framleis ringe det faste legevaktsnummeret som er 116 117. Legevakta i Arendal tek imot førespurnaden, gjer ei vurdering og triagerer. Dersom det er behov for konsultasjon med lege, blir legen i Fyresdal kontakta.
Vi er ikkje heilt ferdige med å innreie det nye legevaktskontoret på POS. Fram til det, vil legen ta imot pasientane på helsehuset/legekontoret.
Vi planlegg ei offisiell opning av det nye legevaktskontoret på POS den 8. mai. Meir informasjon om dette vil kome.
Dersom du har spørsmål, er det berre å ta kontakt med ein av oss i prosjektgruppa, avdelingsleiar helse Anne Veum på e-post anne.veum@fyresdal.kommune.no eller kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus på e-post karin.osterhus@fyresdal.kommune.no.
Nå har vi tilsett i alle tre stillingane - 20.01.2023
Vi har nå tilsett i alle tre stillingane i Nordsjøturnus. Bastian Gundersen, Joakim Bergh og Kristin Maria Nes har takka ja.
Og vi vil nå presentere dei:
Bastian Gundersen er 28 år, kjem opprinneleg frå Skien, men bur nå i Oslo:
Joakim Bergh er 31 år og kjem frå Stavanger:
Kristin Maria Nes er 33 år og bur i Oslo:
Oppstart av Nordsjøturnus blir veka etter påske. Bastian Gundersen startar i fyrste rotasjon den 11.04. I andre rotasjon, den 25.04, kjem Joakim Bergh, og Kristin Maria Nes kjem den 09.05. i den tredje rotasjonen. Slik vil det rotere. Dei skal jobbe to veker på med fire veker fri.
Vi gler oss til oppstart og jobbar nå med å få dei siste praktiske ting på plass.
Dersom du har spørsmål, er det berre å ta kontakt med ein av oss i prosjektgruppa, avdelingsleiar helse Anne Veum på e-post anne.veum@fyresdal.kommune.no eller kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus på e-post karin.osterhus@fyresdal.kommune.no.
Tilbod sendt til tre kandidatar - 05.01.2023
I høve til dei tre utlyste legestillingane i Nordsjøturnus har tilsettingsutvalet nå sendt ut tilbod til tre kandidatar med svarfrist den 08.01.2023.
To av kandidatane har allereie takka ja. Det er Bastian Gundersen og Joakim Bergh. Vi gler oss over å ha fått dei med på laget! Vi ventar på svar frå den siste kandidaten som er innstilt.
Dersom du har spørsmål, er det berre å ta kontakt med ein av oss i prosjektgruppa, avdelingsleiar helse Anne Veum på e-post anne.veum@fyresdal.kommune.no eller kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus på e-post karin.osterhus@fyresdal.kommune.no.
Fristen for å søke på stillingane som lege i Nordsjøturnus er ute - 23.11.2022
Fristen for å søke på stillingane som lege i Nordsjøturnus er nå ute, og vi har fått inn 28 søknadar!
Det er 8 kvinner og 20 menn som ynskjer å jobbe i Fyresdal. Ein av søkerane er unntatt offentlegheit.
Tilsettingsutvalet, som består av kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus, HTV Fagforbundet Stine Metveit, kommunalsjef helse og omsorg Mona-Helene Landsverk og avdelingsleiar helse Anne Veum, hadde møte for å gå igjennom søknadane 22.11.2022.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju i løpet av dei neste vekene, og vi håper å få tilsett tre gode legar før nyttår.
Dersom du har spørsmål, er det berre å ta kontakt med ein av oss i prosjektgruppa, avdelingsleiar helse Anne Veum på e-post anne.veum@fyresdal.kommune.no eller kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus på e-post karin.osterhus@fyresdal.kommune.no.
Rekruttering av fastlegar til Fyresdal kommune - ny arbeidstidsmodell «Nordsjøturnus» - 02.11.2022
Det har i mange år vore vanskeleg å rekruttere fastlegar til Fyresdal kommune. Dette har ført til lite stabilitet og kontinuitet på legesida, og vore krevjande både for pasientar og tilsette i tenesta. Det har vore, slik vi ser det, eit dårleg tilbod til Fyresdal kommune sine innbyggarar.
Vi har derfor utarbeidd ein alternativ arbeidstidsmodell - «Nordsjøturnus». I denne modellen vil vi tilsette tre legar som delar ei fastlegeliste. Desse tre legane skal jobbe i ein komprimert turnus der dei fysisk er på jobb i to veker med påfølgjande fri i fire veker. Dei to vekene legen er på jobb vil dei også dekke opp lokal legevakt. Fyresdal kommune vil då ha lege i bygda 24/7, 365 dagar i året. Dette betyr at vi vil ha legevakt her i Fyresdal.
Når modellen blir sett i verk, og du som innbyggar treng hjelp frå legetenesta på kveld, natt og helger, ringer du 116 117 som vanleg. Du vil då kome til Arendal legevakt som er vår svarteneste. Der vil sjukepleiar vurdere om du har behov for konsultasjon hos lege eller om dette er noko som kan vente til neste dag. Dersom du har behov for konsultasjon møter legen deg her i Fyresdal. Legevaktskontoret vil bli etablert på pleie- og omsorgssenteret på kveld, natt og helg.
Stillingane i «Nordsjøturnus» er lyst ut i dag, 02.11.2022. Vi håpar å få tilsett i stillingane før jol, samt sette i verk arbeidstidsmodellen frå vinter/vår 2023. Informasjon om tilbodet vil kome fortløpande.
Dersom du har spørsmål er det berre å ta kontakt med ein av oss i prosjektgruppa, avdelingsleiar helse Anne Veum på e-post anne.veum@fyresdal.kommune.no eller kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus på e-post karin.osterhus@fyresdal.kommune.no.