Søke eller ikkje søke?
- Bygge garasje eller bod?
- Bygge terrasse?
- Sette opp tilbygg?
På dibk.no finn du oversikt over det du kan bygge utan å søke om løyve
Når du sender byggesøknad
Når du sender byggesøknad til kommunen skal saksbehandlar vurdere søknaden opp mot plan- og bygningslov, utforming av tiltaket, arealplanar, reguleringsplanar, lokale retningslinjer og veglov.
Kva for skjema som skal brukast er avhengig av kva du søker om. Søknadsskjema kan fyllast ut elektronisk eller for hand eller i ein kombinasjon.
Når du skal levere ein byggesøknad skal det i tillegg til søknadsskjema fylgje med teikningar, kart, nabovarsel som er sendt og kvittering for nabovarsel. Det er viktig at saksbehandlar får ei god forståing av kva du ynskjer å bygge.
I søknader utan ansvarsrett er nabovarslinga ofte mangelfull. Ver spesielt merksam på at søknaden ikkje kan sendast inn før fristen for merknader til nabovarselet har gått ut.
Saksbehandlingstida vil variere avhengig av kva slags sak du sender inn, men i ein del saker har kommunen ein lovfesta frist for saksbehandling. Desse fristane er omtala i Plan- og bygningsloven med forskrifter.
Du bør ringe og avtale tid dersom du ynskjer møte med saksbehandlar eller ynskjer førehandskonferanse. Til møtet bør du ha eit skisseforslag. Ved førehandskonferanse møter tiltakshavar/ansvarleg søkar.