Personaladministrasjon

Her er ei oversikt over oppgåvene til personaladministrasjonen på pleie- og omsorgssenteret:

  • Sentralbordfunksjon.
  • Innleige av personell i heimetenesta, pleie- og omsorgssenter og TTF i samarbeid med gruppeleiarar og assisterande leiar pleie og omsorg.
  • Kontroll og attestering av timelister frå støttekontaktar/avlastarar o.l. Viktig at desse blir levera inn rundt den 1. i kvar månad; kan leggast i postkasse i hovudinngangen på POS.
  • Gjennomgang og attestering av elektroniske timelister i GAT.
  • Lage arbeidsplanar for alle delar av tenesta; grunnplanar, hjelpeplanar ved høgtider/sommarferieavvikling/bytte av stillingar o.l.
  • Ha oversikt og oppdatere dei tilsette sine "bankar" i høve feriedagar/avspasering/avdelingsbytte i GAT.
  • Tilsettingssaker; vere med på tilsettingar, skrive tilsettingssak.
  • Lage arbeidsavtaler/endringsmeldingar.
  • Levere/hente internpost på kommunehuset enkelte dagar.
  • Diverse kontorarbeid som arkivering/kopiering/makulering.

Tenestekontor

Tenestene ein kan få via tenestekontoret gjeld for kommunens innbyggarar og for personar som oppheld seg midlertidig i kommunen. 

Tenestekontoret har ansvar for saksbehandling av søknader om kommunale helse- og omsorgstenester i kommunen og handsaming av vederlagsbetaling av tenester. Tiltaksteam er kommunens koordinerande eining. Tenestekontoret er lokalisert i Fyresdal Næringshage.

  • Avlastning
  • Brukarstyrt personleg assistanse
  • Dag-/nattopphald
  • Fylgjekort for funksjonshemma
  • Heimehjelp og praktisk bistand
  • Heimesjukepleie
  • Individuell plan
  • Korttids- og rehabiliteringsopphald
  • Langtidsopphald
  • Omsorgsbustad
  • Omsorgsløn
  • Middagsombringing
  • Måltid frå POS (brødmåltid/fullkost)
  • Parkeringsløyve
  • Psykisk helse
  • Støttekontakt
  • Tryggingsalarm
  • Trygdebustad
  • Teneste rusomsorg

Tildelingskontoret har teieplikt og behandlar alle søknader og personlege opplysningar konfidensielt.

Hjelp til å skrive søknad eller klage på vedtak?

Tenestekontoret kan hjelpe deg med å skrive søknad. Men merk at du er ansvarleg for å gje oss dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden din. Dette inkluderer søknader der legevurdering er naudsynt. 

Du kan klage på alle vedtak. Tenestekontoret kan hjelpe deg med å skrive klaga. Klagefristen vil variere for dei ulike tilboda.