Kulturhuset/samfunnshuset er eit fleirbrukshus i Fyresdal sentrum. Besøksadressa er Fyresdalsvegen 2233.
Kulturhuset har storsal med uttrekkbart amfi med plass til 199 personar, med bord og stolar til 120 personar, og med ståplassar til 280 personar. Veslesalen har sitteplassar til 42 personar i tillegg til diskotek, TV-krok og kjøkken. I bygget finn du også biblioteket.
Huset er mykje nytta, og ein må i regelen tinge plass i god tid.
Brukartider - faste tingingar:
- Frist for å søkje om brukartid om hausten er 15. mai
- Frist for å søkje om brukartid om våren er 15. november
Ynskje leverast skriftleg til Fyresdal kommune, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal eller via postmottak@fyresdal.kommune.no.
Fordelinga av brukartid skal skje etter denne prioriteringa:
1. Kommunale arrangement (ungdomsklubben, skulen, kulturskulen osv.)
2. Arrangement for barn og unge
3. Andre arrangement
4. Ideelle tiltak skal gå framfor kommersielle tiltak
5. Lokale leigetakarar skal gå framfor utabygdes leigetakarar
Brukartider - ikkje faste tingingar:
Dersom ein ynskjer å tinge lokalet på ledige dagar eller leige utstyr som stolar og bord, ta kontakt med sentralbordet på kommunehuset på 35 06 71 00.
Husleige for bruk av huset:
Desse arrangementa skal få nytte huset gratis:
- Tiltak for barn og unge
- Alle arrangement i kommunal regi
- Idrettslag frå Fyresdal; alle tiltak som driv fysisk fostring
Desse arrangementa må betale husleige:
- Tiltak for vaksne som ikkje kjem under førre opplisting
- Alle private arrangement
- Kommersielle tiltak
Reglar og branninstruks:
Leigetakarar for faste tingingar skal få utdelt reglar for bruk av huset og branninstruks, når tildeling og leigetilhøve med klubbleiar er avtala.
Alle andre leigetakarar får utdelt reglar og branninstruks ved utlevering av nykel.