I samband med FNs internasjonale dag for frivilligheit (5. desember), ynskjer Fyresdal kommune å takke og setje pris på alle som jobbar frivillig i Fyresdal!
Det blir lagt ned ein formidabel innsats frå frivillige på utruleg mange område i Fyresdal. Frivilligheita blomstrar innan idretten, barne- og ungdomsarbeid, eldreomsorg og tilrettelegging for opne møteplassar der sosialt samvær og kreative utvekslingar går føre seg. Denne frivillige innsatsen innbyggarar i Fyresdal utfører, gjer bygda vår til ein god plass å bu.
Vi inviterer med dette alle som jobbar frivillig i Fyresdal til kulturhuset for fest laurdag 7. desember kl. 15–17!
Program:
- Velkomen kl. 15.00
- Småprat, fingermat og drikke i foajeen fram til kl. 15.45
- Vi går inn i kultursalen
- Underhaldning av Jon Solberg og Anne Gravir Klykken frå kl. 16.00
- Taler og utdeling av Eldsjelprisen og Frivilligprisen
Litt informasjon om Jon Solberg og Anne Gravir Klykken:
Jon og Anne har spelt saman i fleire år, og i 2022 gav dei ut plata «Et ønske». Anne sende då Jon ei samling med eldre opptak av ulike folkemusikkutøvarar i Telemark. Jon tok tak i eit utval av sangane og temaa i opptaks-materialet, og desse ligg som eit bakteppe for nyskrivne viser og arrangement på utgjevinga.
Jon Solberg er ein norsk låtskrivar og musikar frå Bø i Telemark. Han er blant anna kjent som vokalist og frontfigur i bandet Ni Liv, og som soloartist. Solberg spelar gitar, banjo, fele, hardingfele og piano, og han har gitt ut 3 soloplater og 8 plater med Ni Liv. Mange av låtane har opp igjennom åra vore A-lista på NRK P1. Jon har også spela og/eller sunge på fleire andre plateinnspelingar og samarbeidd med ei rekke norske artistar. Jon er glad i språk, dialektar, historiar og preferansar til det nære. Dette set sitt preg på musikken han formidlar. Han brukar enkle ord om store ting, og orda er festa i bygdekultur, i skog og fjell, og i bil og landeveg.
Anne Gravir Klykken er sangar frå Solum i Telemark med hjertet i folkemusikken. Hun er som Jon glad i natur, lokalhistorie og livet på bygdene, og dette formar både repertoar og måte å bere musikken vidare på. Anne har gitt ut to soloplater og fire utgjevingar med trioen Vintermåne. Anne har også vore med på ulike prosjekt og innspelingar med forskjellige artistar opp igjennom åra.
Både Jon og Anne har røter i Fyresdal.