Hensikten er å gje eit transporttilbod for sosiale formål. Ordninga bidrar såleis til moglegheit for deltaking og likestilling i samfunnet, og auka livskvalitet for den enkelte.
Transportordninga er ei frivillig fylkeskommunal oppgåve, det er ingen lovfesta rett til slik transport. Ordninga er meint å dekke fritidsreiser. Reiser til og frå arbeid- og utdanningstilbod, lege, sjukehus eller anna behandlingstilbod er føresett dekt av andre stønadsordningar.
Transportordninga omfattar kun personar med folkeregistrert adresse i Vestfold og Telemark.