Bli med på gratis workshop der du lærer om fleirkameraproduksjon! 

Vi riggar opp full fleirkamerapakke med klipp, regi og 4 Sony HXR-NX5R filmkamera i storsalen. Her kan du både prøve deg på film i salen, sitte bak spakane på klipp eller sitte med regi og kommunikasjon med heile kameracrewet. 

Men kva er eigentleg fleirkameraproduksjon? 

Fleirkameraproduksjon er ein teknikk som blir brukt i videoproduksjon der fleire kamera filmar samtidig for å fange ulike vinklar og perspektiv av ei hending. Denne metoden er spesielt nyttig for direktesendingar, underhaldningsprogram, sportsarrangement og konsertar. I ein fleirkameraproduksjon er det fleire viktige roller som bidreg til å sikre ei vellykka innspeling, f.eks. regissør, kameraførar, biletmiksar (klippar), lydansvarleg og grafisk ansvarleg. Om vi blir mange nok får vi til å fylle alle desse rollene. 

Dette er for deg som er interessert eller nysgjerrig på kamera, film, TV-produksjon eller strøyming. Du treng ingen forkunnskapar for å vere med, då me vil gå igjennom grunnleggande filmteknikk og korleis ein jobbar med fleirkameraproduksjon.

Vi kjem til å bruke 2-3 timar på å lære grunnleggande bruk av pakken før vi filmar framsyninga “Jolekonsert” i storsalen kl. 19.00. 

Du vil lære: 

  • Rigg og samankopling av utstyret
  • Kva roller ein kan ha i eit fleirkamerateam
  • Korleis samarbeide og kommunisere
  • Korleis handtere kamera og grunnleggande filmteori
  • Korleis klippe live 

Du vil møte kurshaldar Kasper Broløkken, ein erfaren og flink fleirkameraprodusent. Han har hatt ansvar for fleire av fleirkameraproduksjonane til UKM Telemark og UKM Vestfold dei siste åra, og er ein dyktig “filmnerd” i mediabedrifta Kaspermedia.  

Meld deg på til Hilde eller Svein innan 29. november!

  • Oppmøte på kulturhuset
  • Kursstart kl. 16.00 
  • Framsyning kl. 19.00 
  • Vi ordnar litt mat, snacks og drikke
  • Det er avgrensa med plassar
  • For ungdom mellom 13 og 20 år