Kva kan du gjere dersom ei atomhending rammar oss?
Dersom ei atomhending rammar oss, vil Kriseutvalget for atomberedskap kome med råd eller pålegg om korleis vi kan beskytte oss. Fylg med på nyheiter i riksdekkande media.
- Du må mellom anna vere førebudd på opphalde deg innandørs for ein kort periode (ikkje meir enn to døgn).
- Dersom du er i målgruppa, vil du kunne få beskjed om å ta jod-tablett.
- Ta ein dusj dersom du har fått radioaktiv forureining på deg.
- Fylg kosthaldsråd og respekter myndigheitenes avgjersler om avsperringar, reinsing eller evakuering.