Fyresdal kommune disponerer eit system for befolkningsvarsling. Systemet gjer at vi kan sende ut SMS, talemelding og e-post til alle innbyggarar over 16 år. Systemet er adressebasert og varslar deg utifrå adressa di. Du vil også bli varsla dersom du eig bygningar i kommunen.
Systemet nyttar mellom anna data frå folkeregisteret og kontakt- og reservasjonsregisteret.
Kommunen publiserer også viktig informasjon på nettsida og i sosiale media.