I delegeringsreglementet finn du oversikt over lovbestemmingar i kommunen og kven i kommunen som har ansvaret for dei. 
 
Kolonner
  • "Lover": Her finn du ei oversikt over alle lovane som inngår i det kommunale delegeringsreglementet. Ved å klikke på ei lov, opnar du den automatisk, og du får ei oversikt over alle bestemmingane i lova. Du kan klikke på ein spesifikk paragraf eller fleire paragrafar for å sjå lovteksten og kven i kommunen som sit med ansvaret for lovbestemminga. For å sjå alle paragrafane i ei lov, klikk på sjølve lova utan å velje enkeltparagrafar.
  • “Organisasjonsenheter": Denne kolonna gir ei oversikt over korleis kommunen er organisert. Ved å klikke på ein av titlane, kan du sjå kva for lovverk som er knytt til den aktuelle rolla. Ikkje alle titlar/roller har delegert lovverk. Om ein av dei er tome, er dette ikkje nødvendigvis ein feil, men dei er inkluderte for å kunne legge til relevant lovverk ved behov.
Utvalte lovar og forskrifter
 
Ikkje alle paragrafar, lovar og forskrifter blir delegerte. Utvalet er avgrensa til paragrafar som omhandlar myndigheit, avgjerder, delegering, samt handlingar, tiltak, plikter og rettar som kommunen har.
 
Utvalet av lovar og forskrifter er ein kontinuerleg prosess, der Kommuneforlaget fortløpande legg til nye paragrafar, lovar og forskrifter basert på relevans for delegeringsreglementet.
 
Lovoppdateringar skjer også fortløpande, og systemet varslar om desse, noko som gjer det enkelt og oversiktleg å halde kommunens delegeringsreglement oppdatert.