Kommunestyret vedtok i februar at det skulle søkast Statsforvaltaren om å få godkjenning som typisk turiststad. Nå har vi endeleg fått svar, og Fyresdal kommune er frå og med 19.07.2024 godkjent som typisk turiststad, og butikkane kan nå ha ope på sundagar i perioden frå påske og ut oktober månad kvart år framover!

Statsforvaltaren legg til grunn at arbeidsmiljølova blir følgd i forhold til arbeidstid og kviletid for tilsette i butikkar som vel å ha ope på sundagar i perioden kommunen har godkjenning for. Alt anna lovverk for drift av butikk gjeld sjølvsagt på same måte som tidlegare. Daglegvarebutikkane har ikkje lov til å sele alkohol på sundagar.