Solgrid AS har søkt Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om konsesjon etter energilova § 3-1 for eit bakkemontert solkraftverk i Fyresdal kommune med installert effekt 14,8 MWp.

Synfaring på planområdet

I samband med dette inviterer NVE alle som er interesserte til å vere med på synfaring av planområdet fredag 20.09.2024. Oppmøte blir kl. 14.00 på parkeringsplassen ved flytårnet på Fyresdal flyplass.

Offentleg møte

NVE arrangerer også eit offentleg møte på Betel fredag 20.09.2024 kl. 18.00. NVE vil orientere om behandlinga av søknaden. Solgrid AS vil presentere sine planar.

Både synfaringa på planområdet og møtet på Betel er opne for alle. 

Ynskjer innspel til høyringa

I samband med høyringa ønskjer NVE innspel på mellom anna følgande: 

  • Kva meiner du/de om planane til Solgrid AS?
  • Er konsekvensane godt nok greia ut?
  • Forslag til justeringar av planane for å redusere eventuelle negative verknader av tiltaket

Høyringsuttale sendast elektronisk til NVE. Du finn link til skjema på nettsida til NVE: www.nve.no. 

Frist for å sende inn innspel er 01.11.2024.

Saksdokument

Saksdokument knytt til saka finn du på nettsida til NVE: www.nve.no.