Kommuneoverlege Mariann, turnuslege Julie og sjukepleiar på helsestasjon Nina ynskjer å invitere dei som har små barn, jobbar med små barn eller passar små barn til gratis fyrstehjelpskurs måndag 27. januar kl. 17-19 i Fyresdal på Næringshage.
Tema vil vere:
- Hjerte-/lungeredning – drukning, framandlegeme i halsen
- Brannskader
- Forgifting
- Allergisk reaksjon
- Feber
- Luftvegsinfeksjon
- Falsk krupp
Det vil fyrst vere ein teoridel ved Mariann og Julie, og så praktiske øvingar på ulike stasjonar.
Kjem du?
For å vite kor mykje utstyr vi vil trenge, ynskjer vi tilbakemelding på kor mange som kjem. Meld dykk på til Nina på 94 84 06 68 innan måndag 20. januar.
Barnevakt?
For dei som ikkje har moglegheiten til å få barnevakt: Vi har fått med oss to jenter frå 8. klasse. Gje beskjed ved påmelding om det er eit behov.
Mvh Mariann Grønnestad, Julie Lundeberg og Nina Breivik