Helsestasjonen fylgjer opp barnet og deira familie etter fastsatt program frå helsedirektoratet. Spesielt vektleggast barnets fysiske og psykososiale utvikling. Ved helsestasjonen kan de få veiledning og støtte i spørsmål som knytter seg til barnets vekst, utvikling og trivsel.
Kva tilbyr helsestasjonen:
- Helseundersøkingar og rådgjeving med oppfølging og henvisning ved behov.
- Tilbod om barnevaksinasjonsprogrammet.
- Førebyggjande psykososialt arbeid.
- Opplysningsverksemd og rettleiing individuelt.
- Heimebesøk og oppsøkjande verksemd.
- Samarbeid om habilitering av barn og ungdom med spesielle behov, herunder kronisk sjuke og funksjonshemma.
Helsestasjonsprogrammet
- Nyfødt: Heimebesøk av helsesjukepleiar.
- 4 veker: Undersøking og samtale ved helsesjukepleiar.
- 6 veker: Legeundersøking. Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukpleiar.
- 3 månadar: Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
- 4 månadar: Undersøking av fysioterapeut. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
- 5 månadar: Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
- 6 månadar: Legeundersøking. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
- 8 månadar: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
- 10 månadar: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
- 12 månadar: Legeundersøking. Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
- 15 månadar: Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
- 18 månadar: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
- 2 år: Legeundersøking. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
- 4 år: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
Andre oppgåver helsestasjonen tilbyr:
- Reisevaksinering.
- Hørselstesting av vaksne.
- Deltaking i psykososialt kriseteam.