Desember er høgtid for matlaging, og det kan bli mykje feitt til overs. Det kan vere fristande å tøme det flytande feittet rett i vasken, men tenk deg om før du gjer det! Sjølv  om feittet er flytande når du heller det ut, og du skyl med varmt vatn, vil feittet på eit eller anna tidspunkt stivne. Det vil gje avleiringar og etter kvart tette rør i eige hus eller lenger ute i leidningsnettet. Vidare kan dette føre til problem i pumpestasjonar eller reinseanlegg.

Slik kan du kvitte deg med feittet:

  • Feitt frå stekepanne: Tørk av fettet med tørkepapir og kast i matavfallet.
  • Større feittvolum, f.eks. frå juleribbe, pinnekjøtt eller smultringgryte: La fettet avkjøle seg så det blir stivt, skrap ut og kast i matavfallet.
  • Feitt som ikkje stivnar: Samle opp i tett emballasje, f.eks. ein tom mjølkekartong, og lever til gjenvinningsstasjonen.