Kommunen får ein del spørsmål om når ein kan forvente ferdigstilling av informasjonspunktet som er under bygging ved samfunnshuset. Etter planen skulle det allereie ha vore ferdig, men m.a. på grunn av problem med leveransen på material, er ferdigstillinga altså dessverre forsinka.
Slik det ligg an nå skal informasjonspunktet vere ferdig i løpet av veke 33 (veka som startar med 12. august).
Det er sett opp ei mellombels løysing ved informasjonspunktet - i form av ei stor tavle med diverse plakatar på - med informasjon til dei besøkande.